Reinhardt Søbye ønsker å løfta den sjikanedømde ordføraren i Suldal fram som eit heilt og reflekterande menneske.
AV: heidi hjorteland
SULDAL: Fotokunstnar Søbye har planar om å stilla ut portrettserien både i Suldal og andre stader i landet.
Andreas Drarvik blei i Gulating lagmannsrett dømd til 75 dagars fengsel på vilkår for seksuelt skremmande og plagsam oppførsel mot ei kvinne i Sauda. Anken til Høgsterett førte ikkje fram. Drarvik hevdar han er uskuldig og kallar dommen mot han eit overgrep.
POLITISK DØD:
- Eg har også tidlegare brukt menneske som er politisk døde i kunsten min. I bileta mine kan eg framstilla dei som heile menneske, forklarer kunstnaren.
Søbye har tidlegare laga kunst av omstridde personar som Arnold Juklerød og forfattaren Axel Jensen. Gjennom bileta vil Søbye gi desse menneska oppreising.
Kunstnaren seier han nærer stor sympati med menneske som Andreas Drarvik. Han meiner ordføraren i Suldal har vore utsett for ein hekseprosess.
RYGGEN MOT VEGGEN:
- Når ein ser på korleis han har fått livet sitt forringa og utskjemd av rettargongen, slår det meg at ei slik straff ikkje samsvarar med det saka dreier seg om. No er han stempla som ein tulling utan høve til å reinvaska seg, påpeiker Søbye.
Han meiner som Drarvik at rettstryggleiken i Norge er for dårleg. Det er mana fram påstandar baserte på indisiar, hevdar han.
- Ein bruker slike saker til å statuera eit eksempel for samfunnet. Men mange eg har snakka med, forstår ikkje kva denne saka eigentleg dreier seg om, fortel Søbye.
Han har til no laga totalt åtte bilete av Andreas Drarvik. Alle bileta har undertekstar med konsentrat av det Drarvik snakka om då kunstnaren besøkte han heime i Vanvik for ei tid tilbake.
STILLER UT:
Søbye vonar kulturhuset i Suldal vil opna dørene for utstillinga.
- Får eg ikkje stilla ut her, kan eg prøva ein nabokommune. Uansett vil bileta bli viste rundt i landet, fastheld han.
Kultursjef i Suldal, Vegard Vandvik, stadfester at Søbye har søkt om utstillingsplass i kulturhuset. Søknaden har førebels ikkje blitt behandla.
Dei to utstillingane som Søbye har hatt i Suldal tidlegare, har begge vore dei mest besøkte utstillingane i kommunen nokon gong.
- Det er sjeldan nokon lagar ein portrettsuite basert på noko suldalsrelatert, så eg reknar med at folk vil gå mann av huse om bileta blir hengde opp her, seier Søbye.
heidi.hjorteland@ aftenbladet.no
Ein av få: Reinhardt Søbye, 49 år, opphavleg frå Oslo. Meiner han er ein av få i Norge som ber kunstnarnamnet med rette.
Foto: Teknikken han brukar i bileta sine, blir kalla fotografikk, sidan dette dreier seg om manipulerte fotografi. Han er kjend for å ha portrettert Axel Jensen og Arnold Juklerød.
Verda rundt: Søbye har hatt ei rekke utstillingar i inn- og utland. Han hausta strålande kritikkar i Japan for nokre månadar sidan. Søbye har delteke 11 gonger på Høstutstillingen.
I Suldal: Søbye har dei siste åra budd og arbeidd i Suldal som ein del av det kommunale Kunstnarprosjektet.
Kommentarer