Drarvik-kunst til Japan

Kunstnar Reinhardt Søbye legg no siste hand på kunstverka av Andreas Drarvik, som vil enda opp i Tokyo.

Reinhardt Søbye har ei stadig veksande stjerne i Japan og er alt no representert på fleire museum i landet. Drarvik-serien vil komma til Japan i 2007 eller 2008. Men først skal suldølane få sjå ordføraren sin gjennom Søbye sitt fotokunstnarlege blikk.

Utstillinga opnar i morgon på Kulturhuset i Suldal.

Fotogen
- Eg er særs nøgd med desse bileta. Drarvik har eit fotogent ansikt. Han gjer seg ikkje til, men opptrer naturleg i alle situasjonar, forklarer kunstnaren.

Søbye fatta interesse for Drarvik-saka på same måte som han tidlegare har engasjert seg i Arnold Juklerød sin kamp.

Han ønskjer gjennom bileta sine å visa folk meir av menneske Drarvik. Søbye meiner den permitterte ordføraren har vore utsett for ein hekseprosess i samband med sjikanesaka. Sjølv har Drarvik heile tida hevda si uskuld.

Søbye påpeiker at ingen har villa hjelpa han med å frakta bileta frå atelieret til kulturhuset. Han trur dette har samanheng med hans sterke kritikk mot Kunstnarprosjektet og kommunen sin generelle kulturpolitikk.

Søbye kom til Suldal som eit resultat av Kunstnarprosjektet, og er blitt svært skuffa. Kultursjef Vegard Vandvik hevdar Søbye skremmer bort andre kunstnarar.

Han på si side hevdar Kunstnarprosjektet manglar styring og vil gå nedanom og heim.

Utstillinga, som består av sju bilete, vil henga til 15. oktober. Deretter skal dei til Lillehammer.

Bondeserie
Reinhardt Søbye ønskjer at bileta seinare skal gå inn i ein serie om bønder i Ryfylke. Han er no difor på jakt etter eit par andre bønder å portrettera, og gjerne ei kvinne.

Desse skal så samanstillast med portrett av eldre japanske kunstsamlarar, for å få fram kontrasten mellom det ultra-urbane og bondesamfunnet i Ryfylke. Søbye let seg fascinera av Drarvik sine verdiar og gler seg svært til å visa fram bileta.

Alle bileta har undertekstar. Nokre er knytt til sjikanesaka, andre tekstar, som er på engelsk, er av meir universell og fabulerande karakter.

Bileta er digitale fotografi som Reinhardt Søbye har manipulert på ulike måtar, både på pc og ved å teikna på bileta.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

Thorbjørnsen: – Burde reagert på arbeidspresset

- Hvis det er noe som jeg tenker på om vi bør ta kritikk på, er at jeg ikke har sett det voldsomme arbeidspresset Helge har hatt, sier Per A. Thorbjørnsen.

Døv i trafikken

Går du i trafikkerte områder med hodetelefoner? Da er sannsynligheten for å bli truffet av en bil tre ganger høyere.

- Hensynet til jenta viktigst fra første stund

Per A. Thorbjørnsen snakket ikke med Helge Solum Larsen før han ga sine råd til den unge jenta som har anmeldt Larsen for voldtekt. Her forteller Thorbjørnsen og Iselin Nybø hvordan de siste døgnene har vært.

Thorbjørnsen må svare på spørsmål om Solum Larsens fortid

- Vi har aldri hørt eller sett at Helge Solum Larsen har begått overgrep eller oppført seg seksuelt krenkende overfor unge jenter tidligere, sier sentrale venstrefolk.

Søvnløse og triste

Politikerkolleger i Stavanger opplever voldtektssiktelsen mot Helge Solum Larsen som trist og tragisk for alle involverte.

Andreas Drarvik er dømd for sjikane mot ei Sauda-kvinne. Reinhardt Søbye har laga kunst av saka. Han er tilknytt Kunstnar-
prosjektet i Suldal.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest