Refleksbrikkene frå Nærbø gir liv i dobbel forstand. Dei gir meiningsfylte kvardagar til produsentane og bergar liv på vegane.
AV: reidun gudmestad
- Kor kan eg kjøpa vanleg hengjande refleksbrikker, spurte nyleg Thordis Hope frå Varhaug i Aftenbladet. Ho hadde prøvt fleire butikkar på jakt etter den dinglande livreddaren. Sanninga er at det ikkje er så lett å finna refleksbrikker i butikken. Men berre få kilometer frå Thordis Hope ligg ein av to norske produsentar av den klassiske refleksbrikka. Jæren Industripartner si avdeling på Nærbø lagar refleks til heile landet. Sidan 1987 har dei produsert to refleksbrikker til kvar nordmann. 9,7 millionar brikker har det blitt. Kvart år blir det laga rundt 700.000 brikker.
Kvifor er dei ikkje til salgs?
- Refleksbrikker har vorte eit reklameprodukt som ikkje er å få kjøpt i butikkar. Bedrifter og andre gir brikkene vekk. Trygg Trafikk, Statens Vegvesen og mange andre deler de ut i ulike kampanjar, seier administrerande direktør Per Arild Kastmann.
FOTO: Reidun Gudmestad
Kommentarer