• FOTO: Fredrik Refvem

Bare sju streika for nynorsk

Det var glisse i rekkjene då nynorskelevane streika for skulebøker på eige mål.

Sju elevar hadde tatt seg fri frå skulen for å markera motstand mot kunnskapsminister Øystein Djupedal.

Streiken starta ved Kongsgård, og dei fleste kom frå denne skulen.

– Det skulle kome fleire. Men me får ikkje gyldig fråvær, seier Bror-Magnus Sviland Strand, fungerande leiar i Målsiddisane.

Nynorskelevar over heile landet streikar om dagen. Med Kunnskapsløftet kjem nye skulebøker, men bøkene på nynorsk er ikkje kome på plass.

– Me kan ikkje godta at nynorskelevar får ein dårlegare skulegang enn bokmålselevar, tordna Bror-Magnus Sviland Strand i sin appell.

– Latterliggjort av FpU

Han sa vidare at han i skulevalkampen hadde blitt latterleggjort av Fremskrittspartiets Ungdom.

– Dei krev valfritt sidemål, og latterleggjer språket mitt. «Eg hugleikar deg av heile mi blodpumpe», seier dei, og vinn billige stemmer.

Sviland Strand er likevel mest skuffa av Øystein Djupedal frå SV.

– Djupedal har hatt god tid på seg. Likevel drit han i å gjere noko. Me krev at staten ikkje bruker pengar på ulovlege læremiddel. Djupedal kan ikkje sjå bort fra dette kravet, heldt Sviland Strand fram.

Kjem i andre rekke

Opplæringslova seier at «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris».

– Me har kjempa for lærebøkene våre i 37 år, sidan 1970. Kvar gang det kjem ei ny reform, kjem me i andre rekke. Det fører til at mange skiftar over til bokmål, sa Sviland Strand.

Han fekk støtte av Eirik Wikøe Svela, også han i Målsiddisane.

– Dette er eit demokratisk problem. Regjeringa bryt lovane dei sjøl har laga.

Einaste i sørfylket

Nynorskelevane i Sauda streika torsdag. Dei andre lokallaga i Rogaland kjem ikkje til å streika.

Dalane målungdom fekk berre lov til å streike i fritimane, og valde å la vere.

Jæren målungdom er ikkje aktive.

– Medlemmar har reist vekk for å studere, og me har ikkje klart å etablere eit styre. Men me kjem sterkare tilbake, lovar Tore Fagerheim i lokallaget.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

- Vi må snakke åpent og høyt om uønsket seksuell kontakt

De aller fleste overgrep blir begått på et nachspiel, av en venn mot ei venninne.

Thorbjørnsen: – Burde reagert på arbeidspresset

- Hvis det er noe som jeg tenker på om vi bør ta kritikk på, er at jeg ikke har sett det voldsomme arbeidspresset Helge har hatt, sier Per A. Thorbjørnsen.

Døv i trafikken

Går du i trafikkerte områder med hodetelefoner? Da er sannsynligheten for å bli truffet av en bil tre ganger høyere.

- Hensynet til jenta viktigst fra første stund

Per A. Thorbjørnsen snakket ikke med Helge Solum Larsen før han ga sine råd til den unge jenta som har anmeldt Larsen for voldtekt. Her forteller Thorbjørnsen og Iselin Nybø hvordan de siste døgnene har vært.

Thorbjørnsen må svare på spørsmål om Solum Larsens fortid

- Vi har aldri hørt eller sett at Helge Solum Larsen har begått overgrep eller oppført seg seksuelt krenkende overfor unge jenter tidligere, sier sentrale venstrefolk.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest