Sauda blei som kjent første norske Fairtrade-by i Norge, og er tysdag og onsdag vertskap for ein stor konferanse med rettferdig handel som tema.
AV: heidi hjorteland
Medarrangørar er Forum for internasjonal solidaritet i Sauda, Fairtrade Max Havelaar og Stiftelsen Idébanken. Sauda blei Fairtrade-by i august i fjor, og denne hendinga har vore med og påverka fleire andre kommunar til å fokusera på å handla varer frå utlandet som produsentane får skikkeleg betalt for.
Etter Sauda kommune gjekk inn for å berre servera såkalla rettferdig te og kaffi til sine tilsette, tidobla salet av rettferdig kaffi seg i løpet av fire månadar.Sauda blei raskt fulgt av Lier, Asker og Stavanger. Fairtrade Max Havelaar har som mål om at 10 kommuner skal oppnå slik status i løpet av 2007. Under konferansen vil eit viktig tema vera korleis ein kan få sett arbeidet med Fairtrade-kommunar i eit system, og danna nettverk for støtte og inspirasjon. Dei store matvarekjedane vil også bli utfordra på korleis dei vil bidra til auka forbruk av Fairtrade-varer, som ikkje berre er te og kaffi, men også vin, sjokolade, juice, bomull, sukker, ris med meir. Etiske retningslinjer ved offentlege innkjøp er eit anna tema. Onsdag vil statssekretær i Utenriksdepartementet, Anne Margareth Fagertun Stenhammer, fortelja kva Regjeringa vil bidra med for å styrka Fairtrade og anna engasjement for auka etisk og rettferdig handel i Norge.
FOTO: Knut S. Vindfallet
Kommentarer