FOTO: Lars Idar Waage
Han var ikkje bare til pynt på KrF sine valplakatar. Partiet har gitt 20 år gamle Jan Gunnar Mattingsdal plass både i fylkesutval og utdanningsutval.
AV: margunn ueland
Mange jenter har sikkert blitt forelska i han. Men nå har han ein tjukk blank giftering på fingeren. For to veker sidan gifta han seg med 19 år gamle Renate Kristoffersen som han trefte på bibelcamping i Lyngdal for tre år sidan.
Eit mirakel
Då han og kameratane køyrde heim til Vigrestad, heldt han på å bli drepen: Ein stor lastebil kom mot dei og køyrde rett inn i sida der han sat. Begge lungene punkterte, tre ribbein og eit kragebein brakk. Fleire små brot på skallen, ei øydelagd lymfeåre og skadd høyrsel på eine øyra.
- Det var eit mirakel at eg overlevde. Og at eg blei frisk att. Ulukka vekte meg opp. Eg er blitt medviten på at livet kan ta slutt kva tid som helst. Eg er glad eg er kristen og veit kor eg skal hen den dagen det skjer.
«Ja til bedehus»
Han er vaksen opp på ein gard på Vigrestad med fire storesystre. Mora tok han med på møter på misjonshuset frå han var liten.
- Nå forstår eg kvifor det stod «Ja til bedehus og motorcross» på valbrosjyrane med deg på..
- Mange ungdomar har lyst til å prøva ut kor fort bilen går, og då er ikkje vegane våre den beste plassen å gjera det på. Dei må få gjort det på ein sikker plass.
Alkohol, nei takk
- Er du samd med den nye generasjonen KrF-arar i Bergen som meiner KrF står nærare Frp enn Venstre?
- I alkoholpolitikken står me langt frå Frp. Det er ei av dei viktigaste sakene for meg. Eg er avhaldsmann. Dersom Frp er villig til å jekka på det, bryr eg meg mindre om kva skattepolitikk dei har. Frp i motsetning til Venstre er for at ekteskapet bare skal vera mellom mann og kvinne, og det er også ei veldig viktig sak for meg.
Hofofili og synd
- Kvifor?
- Familien er sjølve grunncella i samfunnet. Opnar me opp der, kor skal då grensa gå? Skal tre personar få leva saman i eit seksuelt samliv? Skal ekteskapet bare vera ein avtale om å dela det økonomiske?
- Er du einig med Mørebiskop Odd Bondevik som i sist nummer av Dag og Tid sa at homofili er ei synd som kan tilgjevast med ikkje godtakast?
- Ja, ut frå Bibelen er homofili ei synd. Det er ikkje synd å vera homofil, men det er synd å leva i homofilt samliv. Bibelen har klare reglar om koss me skal leva. Samfunnet blir best dersom me held oss til dei reglane som har fungert i mange tusen år.
Intoleranse
- Mange vil seia at du nå høyrest ut som ein intolerant mørkemann?
- Det klarer ikkje eg å forstå. Eg blir skikkeleg galen på dei som i toleransens namn legg for dagen ein vanvittig intoleranse overfor det mange kristne trur og meiner.
- Israel-politikken, kva synes du..
Mattingsdal høgg i: - Israel er det einaste demokratiet i ein gjeng med bandittstatar! Eg støttar ikkje den einsidige kritikken av Israel. KrF har vore litt for vag der, men ikkje nå. Også der har me noko til felles med Frp. All heider og ære til Dagfinn Høybråten. Han er den beste KrF-leiaren me har hatt. Han vik ikkje unna på verdiane våre.
Toppkarakterar
Mattingsdal var 13-14 år då han melde seg inn i KrFU. Då var det skulepolitikken som opptok han mest. - På den tida var det eit utal med forsøk i skulen. Me gjekk glipp av mykje undervisning. Eg tenkte: Hadde skulen vore annleis, hadde me lært meir.
Med seks i matte og eit karaktersnitt på 5,4 gjekk han ut av ungdomsskulen. Frå IB-linja (den internasjonale linja) ved St. Olav i Stavanger gjekk han ut med ein poengsum på 35 av 42 oppnåelege.
Nå studerer han konstruksjonsteknikk og materialar ved Universitetet i Stavanger. Å laga nye maskinar er det han har lyst å arbeida med.
Nå skal du sitja i utdanningsutvalet. Kva må til for å forbetra dei vidaregåande skulane i fylket?
- Litt meir ro og orden, meir system og respekt for læraren.
margunn.ueland@ aftenbladet.no
Jan Gunnar Mattingsdal
Født: 3. april 1987.
Bustad: Vigrestad
SivilSTAND: Nygift
Aktuell: Den yngste i det nye fylkestinget som konstituerer seg i dag.
Fortel om deg sjøl med tre ord: Verdimedviten, glad, tenkjande.
Ei last du ikkje greier å bli kvitt: Eg bit negler. Dei er heilt oppetne. Eg har prøvd mange gonger å slutta.
Kva forventingar har du til kulturbyåret 2008? At me kan få oppleva ein litt annan kultur enn den me ser til vanleg. Og at mange deltek, ikkje bare profesjonelle aktørar.
Kommentarer