FOTO: Øksnevad videregående skole
- Å forstå bosnisk historie hjelper oss til å forstå vår eiga.
AV: leiv olsen
Fredag reiser ni elevar frå Øksnevad på ei vekes studietur til Bosnia-Hercegovina. På programmet står besøk til ei rekke historiske stader, der dei skal få undervisning på staden: Sarajevo, der skota som utløyste storkrigen i 1914, fall.
Pyramidar?
Her blir det òg besøk på det historiske museet og sightseeing i middelalderbyen frå tyrkartida. Visoko, hovudstaden i middelalderens kongedømme Bosnia. Her hevdar enkelte dei har grave ut urgamle pyramidar.
Jablanica, der Tyskland lei det avgjerande nederlaget mot partisanstyrkane under andre verdskrig; her vil me besøka museet over den andre verdskrigen.
Gamlebrua i Mostar
Igman og Bjelasnica, med skianlegga frå dei olympiske leikane i 1984; her låg skarpskyttarar og skøyt på alle som bevegde seg i Sarajevos gater under den jugoslaviske krigen 1992-1995.
Mostar, med gamlebrua frå tyrkartida; brua står på FNs liste over spesielle historiske minnesmerke.
Nettopp i denne byen var kampane under den jugoslaviske krigen spesielt intense og nådelause. Då blei også gamlebrua bomba, men den er no bygd opp igjen og står på nytt slik den har stått i seks hundreår.
Rikt program
Mykje meir står òg på programmet. Turen inngår i eitt av skolens valfag.
I Bosnia samarbeider me med den vidaregåande skolen i Konjic, mens Jæren Produktutvikling bidrar til finansieringa. Samarbeidet omfattar også opplæring for jordbrukselevar frå Konjic som til våren kjem på gjenbesøk til Norge for å jobba på og læra av jærske gardsbruk.
Viktig historie
Bosnia-Hercegovina har vore frontlinje ved dei fleste større konfliktar i europeisk historie: då kyrkja blei splitta mellom katolikkar og ortodokse; pavekyrkjas krossferder mot kjettarkyrkjene; kampen mellom islam og kristendommen; fyrste og andre verdskrig; den kalde krigen; dei etniske feidane som trugar dagens europeiske samfunn - alltid gjekk konfliktane tvers igjennom Bosnia. Å forstå bosnisk historie hjelper oss til å forstå vår eiga.
Leiv Olsen, historielærar ved Øksnevad vidaregåande skole
Kommentarer