Det brenn eit blått lys for Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, etter at Time formannskap tysdag sa nei til framlegget om å samlokalisera senteret med nytt folkebibliotek og skulebibliotek i ein seksjonert del av den store Forum Jæren-utbygginga.
AV: leiar
Under det heile ligg debatten om utforminga av senteret. Ikkje minst blant initiativtakarane er det dei som meiner at senteret blir for smått og anonymt med den løysinga som nå ligg på bordet. Dei ønskjer seg eit signalbygg, med særprega arkitektur.
Det er lett å forstå slike ønske, men slik saka nå står, kan det beste lett bli det godes fiende. Og det viktigaste med Garborgsenteret må trass alt vera innhaldet. Time kommune har to særprega Garborg-minne frå før i Knudaheio og Garborgheimen.
Fleire Time-politikarar gir uttrykk for at dei er i tvil. Dei to vekene fram til kommunestyremøtet må nyttast konstruktivt av alle partar, slik at ikkje eit spennande prosjekt blir lagt på is - i verste fall for godt.
Kommentarer