Den 46 år gamle stavangermannen som er tiltalt for aktlaust drap på jaktkameraten sin i Suldal i fjor haust, kjende seg ikkje skuldig i tiltalen då rettssaka mot han starta i Stavanger tingrett manddag tidleg.
AV: heidi hjorteland
Stavangermannen kjende seg heller ikkje skuldig i brot på våpenlova, sjølv om han ikkje hadde våpenkort på rifla han skaut med ulukkesdagen. Det eksisterte derimot ein skrifleg låneavtale på våpenet. Rifla var ein arv frå tiltalte sin avdøde far.
Erfaren jeger
I retten har tiltalte forklart korleis han og jaktkameraten planla jakta morgonen og føremiddagen laurdag 16. september. Tiltalte har jakta i Lovra- området i Suldal i over 20 år og har skote mange dyr på desse åra. Stavangermannan har også drive med andejakt.
Hadde kontakt på jaktradio
Dei to jaktkameratane blei samde om kor dei skulle gå i forsøk på å finna dyr. I ni -tida om morgonen møttest dei etter å ha vandra nokre timar kvar for seg i terrenget. Heile tida har dei kontakt på jaktradio. Dei to sette seg ned og åt, og blei samde om kor dei skulle gå vidare. Tiltalte blei sitjande på post mens kameraten skulle saumfara eit område nedanfor der stavangermannen sat. Utsikta ned mot området der kameraten gjekk, var god, ifølge tiltalte. Han venta at venen etterkvart ville dukka opp framfor han. Kameraten gjekk med brunleg cowboyhatt denne dagen og hadde ein hund med seg.
Hørte en lyd
Etter ei stund høyrer tiltalte ein lyd bak seg. Cirka 40 meter borte ser han noko som han trur er siluetten av eit hodyr (som var det dei hadde fått fellingsløyve for) Han er overtydd om at han også ser delar av kroppen på hjorten. Han får objektet inn i kikkertsiktet, og skyt eit skot. Det han har skote på ramlar straks bakover. Tiltalte held seg i ro, for han er framleis,ifølge forklaringa si, overtydd om at han har skote ein hjort. Han vil ikkje skrema opp det skadde dyret, og ventar difor ei lita stund før han går bort til skogholtet. Då han er på veg bort, registrerer han ein ”ååå-lyd”, og då skjønar han for første gong at noko er gale. Like etter finn han venen sin liggjande på bakken. Det er cowboyhatten tiltalte har mistolka som eit dyrehovud.
– Du har skote meg
– ”Du har skote meg”, seier venen. Tiltalte byrjar å riva av han kleda for å finna skotsåret. Han finn eit lite innskotssår på ryggen hans, men ikkje noko utgongssår. Det var ingen blødning, forklarte han retten. Etter kort tid mistar han kontakten med kameraten som går inn i ein svevnliknande tilstand. Tiltalte får tak i legehelikopter og arbeider med hjerte-og lungeredning etter råd frå AMK-sentralen, mens helikopteret leitar etter landingsplass. Tilstanden til den skadde kameraten forverrar seg, han får krampar og då helsepersonellet frå helikopteret kjem, slår dei fast at det ikkje er håp for kameraten, som døyr kort tid etter.
Prosedyrane startar tysdag
Første del av rettssaka har vore via til tiltalte si forklaring og aktor Harald L. Grønlien si utspørring av tiltalte. Forsvarar er Arvid Sjødin. Dommar er Tom Fredrik Vold. Meddommarar er Tor Kåre Høye og Sofie Helgøy. Seinare vil to polititenestemenn forklara seg om kva dei fann på åstaden ved Skiftesnuten vest for Lovravatnet. Prosedyrane går tysdag.
Kommentarer