I jula brukar me 5 millionar meter gåvepapir, berre i Sør-Rogaland. Sørg for at gåvepapiret under ditt juletre blir resirkulert.
AV: turid furdal tekst
Mange stader elles i landet skal julepapiret kastast i restavfallet, men hos oss skal altså julepapiret i papirdunken. Dette gjeld uansett type papir, glansing og fargar, seier overingeniør Tord Tjelflaat hos IVAR.
- IVAR har ein spesialavtale der det er lagt til rette for gjenvinning av julepapiret i jærkommunane, Stavanger, Sandnes, Gjesdal, Rennesøy og Kvitsøy, seier han.
Ta av bandet
Men julebandet må av før du leverer papiret til resirkulering. Teipen kan henga på papiret.
- For alle som har barn i huset: Kva gjer ein med emballasje som har plastvindauge og der leikene bundne fast med ein drøss av ståltrådar eller plastsnorer?
– Du treng ikkje å ribba kartongane for småting: Ståltrådane og plasttinga kan du la vera på. Men dei store plastvindauga på emballasjen bør av, og skal kastast i plastavfallet, seier Tjelflaat.
Lever inn papiret gratis
For alle som opplever at bossdunken fort blir full i jula, har IVAR klar ei lita julegåve: Gratis mottak av julepapir, kartongar og papp på Sele og på Forus i heile romjula.
– Men, korleis blir eigentleg miljøgevinsten dersom ein kjører til gjenvinningsstasjonen for å levera papiret?
– Kombiner det med noko anna. Ta avfallet med når du skal byta presangar, eller i samband med at du skal gå ein god romjulstur eller dra på besøk, oppfordrar Tjelflaat.
Det er organisasjonen Framtiden i våre hender som har rekna ut av Sør-Rogaland brukar 5 millionar meter - eller 500 mil - med innpakningspapir i jula.
turid.furdal@ aftenbladet.no
FOTO: Jan Tore Glenjen
Kommentarer