• FOTO: Heidi Hjortelanld

Føregangsmann for Fairtrade

Kjøpmann Jan Øvrebø fører cirka 35 Fairtrade-varer. Rimi-butikken i Sauda er blant dei beste i landet på rettferdige varer.

Jan Øvrebø oppmodar butikksjefar over heile fylket til å følga hans eksempel.

Kommunen han held til i blei hausten 2006 landets første Fairtrade-kommune, men det merka ikkje Øvrebø noko særleg av i sine butikkhyller.

Måtte kasta varer

Etter det første året som rettferdig kommune, måtte Øvrebø kasta både sjokolade, ris og ulike kaker merka Fairtrade.Han forklarer dette med at saudabuen ikkje var tilstrekkeleg informerte om vareutvalet, fordi marknadsføringa var for dårleg. I haust gjekk derimot Rimi-direktøren ut på fjernsyn og sa at alle butikkane i kjeden skulle ta inn Fairtrade-varer. Dermed losna det litt og Jan Øvrebø valde å gå offensivt ut og ta inn langt fleire varer enn basis-sortimentet på 18.

– Me har marknadsført varene via flygeblad og eigne annoser i lokalpressa, og denne gong ser me at det minkar i hyllene. Me må til og med bestilla nytt, seier Øvrebø og smiler.

Testbutikk

Rimi-butikken i Sauda har status som testbutikk i ICA-systemet, og Øvrebø får ofte telefonar frå kjøpmenn i andre kommunar som arbeider for Fairtrade-status. I slike situasjonar gjeld det for kjøpmennene å få vareutvalet på plass i tide, og då kan dei få viktig kunnskap hjå Øvrebø før dei set i gong. Ikkje alle varene er like lettselde, særleg ris og sjokolade er litt vanskelege å omsetja, til tross for at kvaliteten på varene er veldig god, i følge butikksjefen.

Roser er pop

Juice, te og kaffi er dei Fairtrade-varene det går mest av førebels, men Øvrebø reknar med at desse varene om kort tid vil få konkurranse av Fairtrade-rosene, som nå ligg på tredjeplass hjå han.

– Me får roser direkte frå Tanzania. Desse rosene er av førsteklasses kvalitet og held seg lenge. Dette har kundane funne ut, for eg får jamnleg telefonar frå folk som lurer på om me har fått inn nye roser, fortel Jan Øvrebø.

Alle Fairtrade-varer kostar mellom 10 og 15 prosent meir enn ordinære varer, men Øvrebø registrerer at stadig fleire er villige til å betala det vesle ekstra for rettferdige varer.

Nei til øl og vin

Forutan dei vanlege Faitrade-varene som kaffi, te, juice og ris, fører Øvrebø mellom anna pulverkaffi, speltkaker, risboller, pads av bomull, bomullspinnar, honning, rått røyrsukker og sukkerbitar.

– Eg fekk også spørsmål om eg ville selja rettferdig øl og vin, men det takka eg nei til. Det får Vinmonopolet ta seg av, seier Jan Øvrebø.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

- Hensynet til jenta viktigst fra første stund

Per A. Thorbjørnsen snakket ikke med Helge Solum Larsen før han ga sine råd til den unge jenta som har anmeldt Larsen for voldtekt. Her forteller Thorbjørnsen og Iselin Nybø hvordan de siste døgnene har vært.

Thorbjørnsen må svare på spørsmål om Solum Larsens fortid

- Vi har aldri hørt eller sett at Helge Solum Larsen har begått overgrep eller oppført seg seksuelt krenkende overfor unge jenter tidligere, sier sentrale venstrefolk.

Søvnløse og triste

Politikerkolleger i Stavanger opplever voldtektssiktelsen mot Helge Solum Larsen som trist og tragisk for alle involverte.

Aarebrot: - Venstre har gjort alt riktig

Samfunnsforsker Frank Aarebrot mener at Venstre har gjort alt rett i håndteringen av saken mot Helge Solum Larsen.

Politisk engasjert alt i tenårene

Helge Solum Larsen (43) har i 18 år hatt ledende tillitsverv i Venstre.

Kva: Ei merkeordning som skal vera med og garantera for at bønder i fattige land får ein rettferdig pris for varene sine.

Utval: I dag fins det rundt 50 ulike Faitrade-varer å få kjøpt i Norge. Mellom anna juice, blomar, ris, kaffe, te, sjokolade, sukker, kaker, vin, øl og rosiner. Fleire varer er på veg.

Internasjonal: Stiftinga Fairtrade Max Havelaar har sitt utspring frå ein internasjonal paraplyorganisasjon kalla Fairtrade Labelling Organizations International.

Stort i England: Her har 173 byar og kommunar til no fått Fairtrade-status. Britane kjøper no årleg rettferdige varer for 200 millionar pund.

21 land: I dag eksisterer merkeordninga Fairtrade i 21 land og har sertifiserte produsentar i 56 land.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet