I år blir støvet blåst av ein av Norges store kjendisar på 1800-talet, Pilt Ola.
AV: tor inge jøssang
Midt i Lysefjorden ligg Songesand. Her vaks vandringsmannen Ole Olson Sangesand (1779-1858) opp. Han blei kalla Pilt Ola og fant på mykje uvanleg.
Pilt Ola gjekk til fots til Finnmark for å kjøpa tamrein, dyr som truleg er opphavet til villreinstamma i Setesdal-Ryfylke. For å verna reinen brukte han gift for å utrydda ulven i Sør-Norge, noko han langt på veg klarte.
I 1825 drog sluppen «Restauration» frå Stavanger med emigrantar til Amerika. Pilt Ola kunne fått vera med, men han meinte det gjekk like fort å gå. Han gjekk gjennom Sverige, Finland og Russland. Ved Beringstredet, det 82 kilometer brede stredet som skiljer Alaske frå Russland, ombestemte han seg og gjekk heim. Vandringa skal ha tatt 7,5 år.
Den dokumentariske romanen som Jon Moe gav ut i 1972, begynner når Pilt Ola er på heimvegen. Boka til den dåverande journalisten i Aftenbladet blei trykt i tre opplag og alle blei selde ut. I mars kjem boka ut på ny, i jubileumsutgåve.
Utseld
Folk begynte tidleg å ringa til forfattaren, som i dag er 86 år, for å spørja etter restopplag.
– Pilt Ola var den store kjendisen på 1800-talet. Det står gneistar av namnet hans den dag i dag, seier Jon Moe.
Som pensjonist flytte han attende til fødestaden i Suldal. Då han som gutunge gjekk på skulen kryssa han Suldalslågen på ei bru som Pilt Ola bygde rundt 1830. Brua var så kraftig at lastebilar med tømmerlass kunne kryssa ho like til 10-15 år sidan. Nå blir det hogd tømmer for å reisa brua på ny.
I militæret blei Ola Olson Sangesand skadd i ei hand og ein fot. På grunn av fotskaden gjekk han med korte, kjappe steg som ein gutunge. Ein «pilt» er ein liten gut. Han var ein forretningsmann som mellom anna fann på nye metodar å salta sild på. Før han var 40 år gjekk han konkurs. Då slo han seg opp som ein vandrande filosof.
Då romanen om eventyraren kom ut i 1972, skreiv to meldarar at Pilt Ola kunne vore Ibsen sin modell for «Peer Gynt». Etter å ha lese om Pilt Ola forstår me Peer Gynt mykje betre, skreiv den eine meldaren. Jon Moe ser ikkje bort frå at Henrik Ibsen kan ha henta inspirasjon.
– Pilt Ola var kjent over heile landet og var i Bergen samstundes med Ibsen, fortel Jon Moe.
Feiring
Gjennom heile 2008 vil Ola Olson Sangesand bli heidra.
– Me vil få Pilt Ola fram i lyset. Han var fortener meir merksemd. Og me trur det er mykje å læra om entreprenørskap av alt han gjorde og sette i sving, seier tidlegare ordførar i Forsand, Ingeborg Søyland.
Ho står i bresjen for feiringa. I løpet av året kan publikum gå i fotspora til Pilt Ola i Ryfylkeheiane og det blir ei rekkje kulturarrangement.
I slutten av februar blir det Pilt Ola-spel på Forsand skule. Pink Floyd-eksperten Martin Nygård Haug som vann Kvitt eller Dobbelt skriv musikken.
Stavanger-forfattaren Gunnar Roaldkvam skriv tekstar som Torfinn Nag skal framføra 12. mars. Då blir romanen om Pilt Ola presentert i ny utgåve under ein middag i Stavanger Næringsforening. Menyen blir den same som Gyldeldal Norsk Forlag serverte under boksleppet i 1972: Sild til forrett, reinsdyr til hovudrett og moltekrem som dessert.
Kommentarer