Rekonstruert bunad

I drakt prega av rokokkomoten i Europa på 1700- talet gjekk kvinner i Ryfylke kledd til høgtid rundt 1800.

Rogalandskvinner har teke etter og laga kvinnebunad etter mønster av gamle plagg. Resultatet skal no visast for første gong. Det skjer på Fotland Mølle i Time.

Kor mange timar dei har brukt, veit ingen. Men bunadnemnda til Rogaland Ungdomslag har lese og leita, fundert, lært, og sydd.

No har dei kome så langt at dei også har lært kunsten vidare til andre. Slik er det i dag rundt 20 kvinner i Rogaland som kan kle seg i den rekonstruerte bunaden til fest.

Rekonstruert

– Arbeidet har me gjort i nært samarbeid med Bunad- og Folkedraktrådet, etter prinsippa dei brukar når dei skal rekonstruera gamle drakter, fortel Daghild Håvardsholm og Ragnhild Ødegaard.

Dei veit ikkje kvifor dei vart bitne av ideen om å få rekonstruert ei kvinnedrakt. Men det vart dei. Og no handlar det mest om å få gitt det dei har funne vidare til andre.

Bunadnemnd

Det starta med at Rogaland Ungdomslag fekk eiga bunadnemnd i 1980. Dei reviderte først mannsbunaden. Så ønskte Eli Olsen å laga seg stakk etter ein modell på museet. Etter nøye gransking vov ho sitt eige stakkatøy, ja til ti stakkar. Slik fekk fleire sydd stripete stakk lik museumsstakken som eigentleg var frå Finnøy.

Etter kvart begynte ho å lesa gamle skifteprotokollar. Der står kledeplagg gjerne skildra, av og til også fargar og stoff. 4096 plagg frå 205 skifte er registrerte.

Frå dør til dør

I store delar av Ryfylke vart det i samarbeid med Bunad- og Folkedraktrådet, husflidslag og bygdekvinnelag arrangert møte og dør- til dør-vandring for å spørja etter gamle plagg. Det vart funne mange, men dei fleste var for nye. Til slutt vart det difor stort sett plagg på museet som vart brukte som utgangspunkt for bunaden, dei fleste kom frå Finnøy. Heile drakta er sydd for hand, og det går ikkje an å bestilla den. Den som vil ha, må gå på kurs.

Framtid

– Kva tenkjer de no?

– Ja, sei det. Me skulle ønskja at nokon kunne tenkja seg å gå på kurs for å læra å sy drakta til andre, eller for å halda kurs sjølv etter kvart, seier Ragnhild Ødegaard. Det er ikkje lenger noko som heiter at bunader vert godkjende. Bunad- og folkedraktrådet gir ei fråsegn til rekonstruerte drakter. Enno manglar denne drakta den siste runden inn dit.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Siste fra Lokalt

Søvnløse og triste

Politikerkolleger i Stavanger opplever voldtektssiktelsen mot Helge Solum Larsen som trist og tragisk for alle involverte.

Aarebrot: - Venstre har gjort alt riktig

Samfunnsforsker Frank Aarebrot mener at Venstre har gjort alt rett i håndteringen av saken mot Helge Solum Larsen.

Politisk engasjert alt i tenårene

Helge Solum Larsen (43) har i 18 år hatt ledende tillitsverv i Venstre.

Fengslet da de kom hjem

Fire menn. De kommer fra ulike land, og
 har forskjellige historier. En ting har de til felles: 
Norge betvilte deres beskyttelsesbehov og tvangssendte dem tilbake til landet
 de kom fra. Der ventet fengsel 
og rettsforfølgelse.

Amnesty er bekymret

Amnesty International kan vise til en rekke saker der norske myndigheter konkluderer med at der ikke er fare for forfølgelse, men der organisasjonens eksperter mener beskyttelsesbehovet er opplagt.

Bunaden består av
Trøye: Ull, silke eller bomull i ulike fargar.
Liv: Ull, silke eller bomull i ulike fargar.
Stakk: Ulldamask, einsfarga ull, eller striper.
Skjorte: Den same skjorta som til rogalandsbunaden.
Forkle: Trykt bomull.
Lue: Ull, silke eller fløyel, med band eller anna pynt.
Tørkle: Mønstrete silke eller bomull.
Sokkar: Svarte eller strikka med mønster.
Sko: Vanlege bunadsko.
Sølv: Det ein har slik kvinnene gjorde før.
Variasjon: Den nye kvinnebunaden innbyr til variasjon i stoff og farge. Her viser Ragnhild Ødegaard (til venstre) og Daghild Håvardsholm kvar si utgåve.

Relaterte bilder

FOTO: Kristian Jacobsen

FOTO: Kristian Jacobsen

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest