• FOTO: Jan Tore Glenjen

Pengedryss til nye «Restauration»

Det var fest i sponhaugen på Ryfylke Trebåtbyggjeri på Finnøy då eldsjelene bak bygginga av «Restauration» fekk tre millionar til prosjektet.

–- Dette er ein dag for realisering av draumar. Dei 52 utvandrarane som la frå kai i Stavanger i 1825, hadde ein draum om eit betre liv i Amerika. I dag vert draumen om å byggja skipet dei reiste med, realisert, sa konserndirektør Thor Christian Haugaland i SpareBank1 SR-bank under overrekkinga.

Sponsorar, medeigarar, styremedlemmer og andre inviterte gjester var onsdag samla for å delta på utvandrarfest.

– Dette er eit prosjekt av nasjonale dimensjonar. Ferda til «Restauration» i 1825 var starten på den organiserte utvandringa til Amerika. Tenkje seg til at dei var 52 personar som drog den lange vegen i denne skuta. Det må ha vore litt av ein tur, seier Haugland engasjert.

Ein stor dag

I 2007 starta bygginga av replikaen av Norge sitt første utvandrarskip. Skipet vil stå ferdig i 2009, 184 år etter at 52 rogalendingar la ut på ferda frå Stavanger til New York. Det er Jørn Magne Flesjå frå Ryfylke Trebåtbyggjeri som bygger båten. Med denne pengegåva er finansieringa sikra.

– Dette er ein stor dag. Ikkje tvil om det, seier den sindige båtbyggjaren frå Finnøy.

Han er utdanna ved båtbyggjarskulen i Jondal. Ideen om replikaen kom frå båtbyggjar og pensjonert lærar på båtbyggjarskulen, Maurice Eric Clement.

– Var det ikkje risikofylt å starta bygginga før finansane var i orden?

– Eigentleg ikkje. Me opplevde stor interesse frå fleire aktørar og har heile tida vore viss på at det skulle gå i orden, seier Clement.

Tiggarferd til USA

Stiftelsen Emigrantskipet Restauration vart starta i juni 2006. Det vart skrive kontrakt med Jørn Magne Flesjå og trebåtbyggjeriet på fem millionar kroner. Til no har det kome inn kring 1,3 millionar frå sponsorar i Nord-Rogaland.

Tidlegare i år var Nordbø, Aleksander Hauge og Per Inge Bøe frå Utvandrarsenteret i Stavanger på tiggarferd til USA. Planane vart presentert for norskamerikanarane, som opna både hjartedør og lommebøker for «Restauration».

– Dette har me stor sans for, seier karmøyamerikanaren Tor Tollesen.

Han flytta til USA som 19-åring, er busett i Seattle og var på festen som representant for The Karmøy Club beståande av 300 utflytta Karmøybuar.

Fjordaferd

Planen er å nytta «Restauration» i turistføremål, blant anna til fjordaturar. Målet er å starta med dette i 2010.

hjordis.mikalsen@ aftenbladet.no

Les også

Kommentarer

Aftenbladet ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg.

Regler for debatt her på Aftenbladet.no:

  1. Alle som deltar i debatten, må registreres og fremstå med fullt navn, enten via Facebook, Twitter eller Disqus.
  2. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere meddebattanter.
  3. Banning er ikke tillatt.
  4. Hold deg unna rasisme og personangrep.
  5. Aftenbladet.no har redaktøransvar for alt som publiseres, men du er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  6. Innlegg må skrives på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
  7. Skriv kort! Korte innlegg blir mest lest.
  8. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  9. Du kan legge inn opp til tre lenker per innlegg.
  10. Alle innlegg blir kontrollert før de publiseres på Aftenbladet.no.

Innlegg blir slettet eller redigert dersom de bryter med våre grunnregler.

Vi forbeholder oss retten til å stenge ute debattanter som ikke overholder reglene.

Sildefrakt: Originalen vart bygd i Hardanger som jakt i 1801/1802. Truleg på oppdrag frå Egersund-reiaren Theophilius Bowitz. Skuta heite då «Emmanuel» og vart nytta til sildefrakt. Kring 1815 havarerte skuta, og vart seinare ombygd til sluppen «Restauration». Våren 1825 vart båten kjøpt av ei gruppe utvandrarar frå Stavanger.

Til USA: Turen til USA starta 4. juli 1825 med 52 personar om bord i den kring 18 meter lange og 5,5 meter breie skuta. Førar var Lars Olsen Helland frå Stavanger. Eit pikebarn vart fødd på turen, som tok 98 døgn. Dermed var det 53 personar som kom til New York 9. oktober.

I arrest: Cleng Peerson, utvandrarpioneren, møtte utvandrarane på hamna i New York. Men skuta hadde for mange passasjerar. Både sluppen og skipperen vart sett i arrest, men få veker seinare vart det ferda ut ei benåding av president John Q. Adams. Seinare vart «Restauration» seld. Kva som skjedde vidare med skipet, er uvisst.

Ny båt: Nye «Restauration» blir på 50 amsterdamfot, som er noko mindre enn ein vanleg fot. Det vil seia kring 16 meter lang og 4 meter brei.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet