Husflidsandverkarane i Rogaland har laga utstilling på Fotland Mølle. Den opnar søndag og held ope søndagar ut juni. Medlemmane viser fram kva dei lagar av glas, strikk, vev og keramikk.
AV: reidun gudmestad
Husflidshandverkarane stiller krav både til kvalitet og nivået på aktivitet, og medlemstalet i laget i Rogaland er ikkje stort akkurat no.
Utstillarane er Olaug Brå Wik frå Haugesund, Solveig Maurer frå Høle, Torunn Måseidvåg, Stavanger, Karen-Torunn Hårr, Varhaug, Berit Lyslo, Sola, Marit Djuve og Torgeir Torgeirsen, Egersund. Dei viser keramikk, pelsstrikk, vev og glasfusing. I tillegg har laget to medlemmar som ikkje er med denne gongen.
Berit Lyslo er fjerde generasjon som driv med vev for sal. – Det har ikkje vore gode tider for vev dei siste åra. Minimalisme og rimelege alternativ i butikkar har gjort etterspurnaden etter kvalitetshandverk liten, seier ho og vonar på oppgang igjen når trendane endrar seg. – For åtte-ti år sidan gjekk det mykje betre.
Utstillinga på Fotland opnar søndag og held oppe søndagar i juni får klokka 12 til 17.
reidun.gudmestad@aftenbladet.no
Kommentarer