Åtte sjåførar av tunge køyrety vart melde til politiet etter å ha køyrt for lenge utan pause.
AV: helene reite
Etter tre dagar med køyre- og kvilekontroll ved Krossmoen i Eigersund, melder Statens vegvesen i Sør-Rogaland nedslåande resultat. 33 sjåførar vart kontrollert. Åtte av dei vart meldt til politiet for brot på køyre- og kvilereglane.
- For lang køyring utan pause, for lite kvile i løpet av 24 timar, samt for lang køyretid i løpet av to veker er dømer på slike regelbrot, fortel inspektør Anne Marie Torsvik, frå Statens vegvesen i Sør-Rogaland.
Kontrollane starta klokka 06.00 onsdag, og vart avslutta fredag klokka 16.30.
- Me ser alvorleg på brota. Både med tanke på risikoen for ulykker, men også arbeidsmiljøet til sjåføren. Konkurranse og økonomisk gevinst er ofte motivasjonen bak, og mange vert pressa av arbeidsgivarar. Dette er også dumt for andre verksemder som driv seriøst innan bransjen, seier Torsvik.
Tunge køyretøy over 3, 5 tonn har ei diagramskive eller ein digital målar, der sjåføren registrer kor langt han har køyrt. Her kan vegvesenet lesa av kor langt sjåføren ha køyrt. I løpet av eit år kontrollerer Statens Vegvesen i Sør-Rogaland 75.000 sjåførarbeidsdagar.
- Ansvaret kviler ikkje berre på den enkelte sjåfør. Føretaket har også eit ansvar for å legga transporten til rette slik at regelverket kan haldast, avsluttar Torsvik.
Det vart også avdekka tre grove tilfeller av mangelfull sikring av last.
Kommentarer