Vind og snø kan vere årsaka til at ein lastebil kjørte av vegen på E39 på Ualand tysdag føremiddag. No ber politiet folk om å vere obs.
AV: charlotte steine
Ingen personar kom til skade.
- Ein lastebil har kjørt av vegen, men det er ingen personskade. Ambulanse har vore på plass og sjekka forholda. Politiet er på staden, seier operasjonsleiar Geir Gjesdal i Rogaland politidistrikt.
Lastebilen skal ikkje vera til hinder for annan trafikk.
Ulukka kan skuldast vind og snø, opplyser politiet. Dei har no varsla vegtrafikksentralen.
Kommentarer