• FOTO: Jan Tore Glenjen

360 lysande hovud «On the Edge»

På avstand skal dei bli til ei lysande rød sky. Eigentleg er dei 360 plasthovud med kvar sin personlighet. Alle vende mot Utsira.

Dei er ein del av 2008-satsinga On the Edge, og er plasserte heilt på kanten ved Obrestad fyr. Og kunne du sjå dei i svært vidt perspektiv, ville du oppdaga at dei møter blikket til to store lysande hovud på Utsira.

- On the Edge skal blant anna knyta fyra saman. Eg gjer det slik, seier Christian Sunde.

Lysa skal tennast laurdag 15. november. Då er det opning og då vil det vera lagt ned eit stort arbeid både av kunstnar, elevar og andre. For dette er samarbeidskunst.

Ungdomsskulane

Sjuandeklassingane Ørjan Frafjord og Stian Skårland er blant dei som har jobba. Dei svinga sleggja så pålane åt seg ned i underlaget. Slik blir stengene stødige til å bera kvar sitt hovud.

Lyskunstnaren Christian Sunde laga oppskrift til hovuda, elevar har laga dei. Av plastkanner, vindusspylarkanner, og også syrekanner. Gjenbruk altså. Alle ungdomsskulane i Hå har vore involverte.

- Me skar ut plasten med stikksag, og sydde delane saman, fortel Ørjan Frafjord og Stian Skårland. - Så teipa me utanpå så det skal halda betre og laga dei så fine me kunne. Det var kjekt, og aller kjekkast å vera med å montera, tykkjer dei.

Christian Sunde har laga seg eit skikkeleg arbeidsplass i friluft på Obrestad. Der stiftar han og festar ekstra der det trengst, og gjer alt klar til å setja hovuda på staur. Monteringa er eit skikkeleg puslespel. Litt lenger borte skal det setjast opp tre små vindmøller som skal gi lys. Kvart hovud, sin lysdiode.

Han hadde først tenkt å bruka landbruksplast til dette prosjektet. Men det vart vanskeleg å få til. Difor vart det plastkanner.

- Eigentleg skulle hovuda stått heilt nede ved sjøen. Heilt for seg sjølv og levd sitt eige liv. Men no vart det ikkje slikt. Og dette er også ein fin bit av landskapet å låna til kunst for ei stund, seier han.

Utsira

Også på Utsira var prosjektet samarbeid med skulen. Der var alle 31 elevane involverte i samarbeidet med kunstnaren.

- Det er interessant at dei avfolka fyra no vert tatt over av kunsten, seier Sunde.

Han har arbeidd i fleire år med hovud som symbol. - Det er eit sterkt symbol på mange ting. Dei ser mot framtida. Dei kan vera på veg mot noko. Ser du dei nær er dei ulike. På avstand forsvinn ulikheten.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Jæren

Eksperter: Ingen meteoritt

En meteoritt-feber raser over landet. Denne steinen i rullesteinsbeltet ved Grødaland i Hå kunne blitt en sensasjon. Men var ikke ekte vare fra verdensrommet.

Svømmer mot alle odds

Dette lille nøstet av en svart svane har overlevd "Byggeplass Bryne" og 17. mai. Nå skal idyllen beskyttes.

Her er landets største
utendørs helsestudio

Nå trenger du ikke gå i helsestudio for å trene styrke. På Bryne kan du gjøre det i naturen med utstyr som man vanligvis må betale for å bruke.

Drapssiktet afghaner ble skåldet

I fjor ble afghaneren (28) skåldet med kokende vann etter en diskusjon om religion. Nå er han siktet for knivdrapet på Paradis i Bergen.

Rusbrus-krangel ga fem måneder i fengsel

En 19 år gammel mann fra Hå er dømt til fem måneders fengsel for en nedskalling på et utested på Bryne i fjor sommer.

HJEMBY: Flekkefjord.

BAKGRUNN: Utdanna på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Arbeider blant anna med lys og gjenbruk av materiale.

UTSTILLINGER:
Har blant anna stilt ut på Hå gamle prestegard. Utsmykking på blant anna Motland skule, Nærbø, Skåland ungdomsbase på Moi og det nye messebygget i Madlaleiren.

Relaterte bilder

FOTO: Jan Tore Glenjen

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest