FOTO: Privat
Det handlar ikkje om småpengar når Nærbø-bygda tek på seg eit ansvar. 500.000 var resultat av bygdakvelden søndag.
AV: reidun gudmestad
Kasserar Signe Lende Skeie har rekna saman overskotet frå bygdakvelden i Nærbø kyrkje søndag, og er svært godt nøgd.
– Då er billettsal, sponsorpengar og kollekt rekna med, fortel ho.
Det vart selt litt færre billettar til arrangementet i år enn i fjor, men over 500 menneske var likevel samla. I kollekt kom det inn 30.000 kroner. 410.000 kom inn i sponsormidlar frå bedrifter.
– Dermed blir resultatet likevel minst 100.000 betre enn i fjor, slår ho nøgd fast.
– Dessutan kan det fort dukka opp gaver etterpå som vert sette rett inn på konto.
– Sjølv om me hadde vona at kyrkja skulle vera heilt full, er komiteen kjempefornøgde, seier ho.
Pengane går i år til å flytta arbeidet Gabriel Lende har bygt opp sidan 2005. Han har til no halde til på eit koreansk sjukehus, men samarbeidet vart vanskeleg, og arbeidet skal over til eit amerikansk senter, Cure International. Der skal det byggjast eit eige nevrokirurgisk senter. I tillegg til å operera og hjelpa etiopiarar, rundt 1000 operasjonar har det vorte sidan 2005, utdannar også Gabriel Lende etiopiske nevrokirurgar. Dei to første skal vera ferdig utdanna i juni.
Neste bygdakveld vert søndag 7. februar 2010. Det er alt bestemt.
Den første av Lendane i Etiopia, Gabriel, var første legemisjonær i landet i 1948. Sonen Sigmund og kona Berit kom dit i 1971. Frå 2005 tredje generasjon på plass, Gabriel og kona Liv Kristin Samset Lende.
Nærbø-bygda står samla om å gi Etiopia sine eigne hjernekirurgar. Gabriel Lende er tredje generasjon lege i Etiopia.
Kommentarer