FOTO: Scanpix
Det er ikkje lov å stenga ute elevar frå skuleturar som straff. Det slår Utdanningsdirektoratet fast.
AV: reidun gudmestad
Det var i vår og sommar at det vekte oppstyr då nokre elevar ved Vigrestad storskule ikkje fekk vera med på skuletur. Då fylkesmannen slo fast at skulen si avgjerd var ulovleg, enda saka med at foreldra arrangerte turen, og at dei utestengde elevane ikkje fekk vera med.
LES OGSÅ: «NG-elever» ble nektet skoletur
Seinare har saka blant anna ført til at rådmannen beklaga skulen sin måte å handtera saka på og at utval for opplæring og kultur i Hå denne veka har vedteke retningslinjer for skuleturar.
Fylkesmannen bad, i tillegg til si eiga vurdering, også Utdanningsdirektoratet vurdera om det er lov å stenga ute elevar som har brote skulen sitt ordensreglement. Svaret er kome no.
– Undervisningsopplegg, også skuleturar, må leggjast til rette og planleggjast slik at alle elevar kan vera med. Det kan ikkje aksepterast at elevgruppa med åtferdsvanskar skal risikera å ikkje få vera med, skriv direktoratet og viser til at det i dei fleste elevgrupper finst elevar som har vanskar med å innordna seg reglane i fellesskapet.
Utdanningsdirektoratet meiner at å bli stengd ute frå skuletur kan verka strengare enn å bli bortvist frå skulen. Skuleturane er viktige sosiale hendingar og er ofte med å markera avslutning på skulegangen. Ofte er det særleg undervisningsopplegg som vert gjennomgått både før og etter turen. Å bli stengt ute kan medføra eit stort sosialt tap for eleven og vera ei svært virkningsfull og synleg ekskludering frå elevgruppa sitt fellesskap.
Hva mener du? Skriv din mening i feltet under saken.
Fleire elevar vart stengde ute frå årets skuletur på Vigrestad på grunn av dårleg oppførsel.
Kommentarer