Til jubel frå femteklassingane i Time tok kommunalminister Magnhild Meltveit Klepp første spadestikket for Nasjonalt Garborgsenter.
AV: reidun gudmestad
Gravemaskinen som stod og venta ville ho ikkje opp i, men ordførar Arnfinn Vigrestad greidde å skaffa kommunalministeren ei spade til oppdraget.
- Dette er ein svært viktig dag. Dette blir eit senter som skal gi mange menneske mot til å meina slik Bryne og gymnaset her i si tid gav meg. Time kommune og Jærmuseet har i dag vist styrke til å skapa, sa ho, og sette spada i jorda.
Plasseringsdebatt
Debatten om kor Nasjonalt Garborgsenter skal liggja har vore hard. Meiningane har vore mange.
-Denne dagen betyr at me er i gang. Dette er ein viktig dag. Den betyr at no blir Nasjonalt Garborgsenter ein realitet, seier ordførar Arnfinn Vigrestad. Time kommune skal byggja Garborgsenter i samlokalisering med nytt bibliotek. Jærmuseet skal driva det.
Pengeløfte
Statsråden hadde ikkje med seg løfte om statspengar til Nasjonalt Garborgsenter. Men Magnhild Meltveit Kleppa roar ned usikkerheten rundt statsstøtte.
- Departementet har fått og lese søknaden om statstilskot. Me raudgrøne i regjering har varsla eit løft for kulturen. Så sjølv om budsjettet for neste år ikkje er klart, og søknaden ikkje behandla, så meiner eg det er utenkjeleg at ikkje staten stiller opp. Eg vil i alle fall kjempa det eg kan for at staten blir med på Nasjonalt Garborgsenter, seier ho.
Kommentarer