Nasjonalt Garborgsenter står ikkje nemnt i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Det forundrar ikkje museumsdirektør Målfrid Snørteland.
AV: reidun gudmestad
Ho leier Jærmuseet som har ansvar for å byggja opp Nasjonalt Garborgsenter og som søkte om midlar til drift for første gong i år.
Nasjonalt Garborgsenter er jo eit heilt nystarta prosjekt. Det er første året me søkjer om statsstøtte. Eigentleg ville det vore heilt spesielt om me fekk pengar alt i år. Det er heilt uvanleg at det er staten som går føre og dreg eit slikt lass. No er det opp til fylkeskommunen og Time kommune å visa at dei meiner alvor. Då trur eg staten vil koma etter, seier ho.
– Dette reknar eg med at statsrådane frå Rogaland og Rogalandsbenken på Stortinget ordnar opp i før budsjettet vert vedteke, seier prosjektleiar for Nasjonalt Garborgsenter, Einar Schibevaag.
– Me har fått så sikre signal om at både byråkratar og politikar er positive. Eg forventar enten ord eller pengar som viser at dette kjem.
Kommentarer