Jær-ordførarane helsa sine

Ordføraren i Hå, Klepp og Time hadde mykje på hjarte 1. nyttårsdag.



Elfin Lea i Klepp la i nyttårshelsinga si særleg vekt på den rikdommen av tilbod både Stavanger 2008 og det jærske kultursamarbeidet Spor har gitt.

– Dette har vore ei uforgløymeleg kultursatsing i Klepp og elles på Jæren, sa han.

Kollega Mjåtveit i Hå er også nøgd med alle kulturarrangementa på fyra som 2008-prosjektet On the Edge førde med seg til kommunen.

Historisk

Men Lea var sikker på at bygging av den interkommunale Frøyland og Orstad kyrkje vil verta hugsa aller best. Han gratulerte med ei kyrkje som ruver i det ytre og «som sterke krefter også vil få til å ruva i innhald». Også Time-ordførar Arnfinn Vigrestad nemnde kyrkja: Eit godt døme på kor viktig der er med entusiastar og folk som har vilje og tru på noko, sa han.

Vidaregåande

Han brukte eit heilt kapittel i talen på planen om ny vidaregåande skule på Bryne og fylkeskommunen sitt avtalebrot.

– Saka har lært meg mykje. Ikkje minst stiller eg spørsmål om fylkeskommunen er liv laga, sa han.

Hærverk

Elfin Lea er misnøgd med det han kallar ungdommen sin øydeleggingstrong.

– Noko eg aldri sluttar å forundra meg over og som eg verkt mektig irritert over.

Han viste til knuste glas i uversskur og busskur, og på jernbanestasjonane, ruteknusing på skulane, knuste lyskuplar både på Pollestad, Orstad og Kleppe og nedkøyrde vegskilt.

– Barn og unge må tidleg læra å ta ansvar for handlingane sine, sa han. Han oppmoda vaksne til å bry seg og gi beskjed.

Han gløymde likevel ikkje å gle seg over alle dei prektige ungdommane og at Klepp har færre lovbrot enn fylkes- og landsgjennomsnittet. Og han vil aller helst konsentrera seg om det postivive:

– La oss dyrka gladsakene i det komande året. Ikkje gløym at me bur i ein av dei mest attraktive kommunane, sa Lea.

Samarbeid

Vigrestad sende i si helsing eit hint til nabokommunen Hå.

– Eg er nok litt skuffa over at me ikkje har kome lenger i å utvikla det interkommunale samarbeidet på Jæren, sa han. Og nemnde både at samarbeidet på Klokkartunet i Hå har vorte vanskeleg og at Hå har meldt seg ut av Stavangerregionen Næringsutvikling.

– Å isolera seg er ingen farbar veg, sa han.

Hå-ordføraren ser annleis på det. Han meiner at eit av dei viktigaste måla i tida som kjem vert å ikkje verta innblanda i noko kommunesamanslåing.

– Det vert ei stor utfordring å stå imot presset som kjem der, å behalda kommunane på Jæren som di er.

Framtid

Å skapa gode omsorgstenester for kommunen sine innbyggjarar såg Vigrestad på som hovudutfordringa i året som kjem.

Mjåtveit meiner at innsatsen må konsentrerast:

– I starten av 2008 var det ikkje ei sky på himmelen. Det er heilt utruleg kor fort det kan snu. No vert det ekstra viktig å konsentrera seg om dei oppgåve som er lovpålagde, som barnehage, skule, omsorg.

Han viste til at kommunen er i rett spor med barnehagebygging for 50 millionar og 100 nye plassar, opprusting av skular og planar for Klokkartunet.

Karakterar

Og så er han nøgd med at Hå i året som gjekk gjorde det betre på karakterstatistikkane enn dei har gjort sidan 1979.

– Fire år på rad har det vore framgang. Det er skikkeleg positivt, sa Mjåtveit..

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Jæren

Eksperter: Ingen meteoritt

En meteoritt-feber raser over landet. Denne steinen i rullesteinsbeltet ved Grødaland i Hå kunne blitt en sensasjon. Men var ikke ekte vare fra verdensrommet.

Svømmer mot alle odds

Dette lille nøstet av en svart svane har overlevd "Byggeplass Bryne" og 17. mai. Nå skal idyllen beskyttes.

Her er landets største
utendørs helsestudio

Nå trenger du ikke gå i helsestudio for å trene styrke. På Bryne kan du gjøre det i naturen med utstyr som man vanligvis må betale for å bruke.

Drapssiktet afghaner ble skåldet

I fjor ble afghaneren (28) skåldet med kokende vann etter en diskusjon om religion. Nå er han siktet for knivdrapet på Paradis i Bergen.

Rusbrus-krangel ga fem måneder i fengsel

En 19 år gammel mann fra Hå er dømt til fem måneders fengsel for en nedskalling på et utested på Bryne i fjor sommer.

Relaterte bilder

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest