Kampklare Klepp-bønder

Grunneigarar på Klepp kjempar for å avskaffa verneplan for Svarthalespoven. Torsdag legg dei fram sin resolusjon for Fylkesmannen.

Den utrydningstrua fuglen Svarthalespove hekkar på dyrkbar våtmark i Klepp, og er plassert på lista over prioriterte artar. Etter at ei ny føreskrift vart innført i mai fjor, fekk 17 bønder på Klepp beslaglagt 1856 dekar (daa) dyrka mark, altså 200 fotballbaner til saman. Tiltaket gjeld no 28 bønder, som er busett frå Hodne til Orre. Torsdag skal dei i møte med Fylkesmannen for å diskutera kompensasjonsordning, men det er ikkje erstatning dei vil ha.

Grunnleggjande feil

Sjølv om kompensasjonsordninga skal erstatta alle tap, er den ikkje eit alternativ for grunneigarane.

- Vi er ikkje nøgde med kompensasjon uansett kva den inneheld. Vi vil ha avskaffa føreskrifta, seier bonde Kjell Harald Horpestad.

Han er også talsmann for aksjonsgruppa av grunneigarar i Klepp, som har organisert seg i mot verneplanen. Hittil har kompensasjonen dekt 30 prosent av det reelle tapet til Horpestad på Orre.

- Det å bli statssubsidiert er uansett ikkje attraktivt, og eg trur det vil føre til at mange legg ned drifta.

Han meiner forskrifta øydelegg dyrebar matjord, og dimed er i strid med politiske vedtak.

- Det er eit grunnleggande galt tankegods som er grunnlaget for å innføra denne forskrifta, fordi den øydelegg matjord til fordel for ein ny innvandrarfugl. Det er politisk vedteke at Noreg skal auka produksjonen av mat, men dette tiltaket går i motsatt retning. Vi vil avskaffa forskrifta, og er ikkje nøgde før vi har fått til det.

Store tap

Han har sjølv merka stor forskjell etter føreskrifta kom i mai i fjor. 20 prosent av bestanden hekka på garden hans.

- Over halve garden vart regulert i fjor. Ein tredjedel av garden fekk utsett slått, noko som har gitt svært store driftsulemper. Maskiner vart øydelagde i fjøset fordi graset vart seigt, og eg måtte fora graset ut manuelt. Dette førte til ein time meir arbeid per dag.

Verneplanen regulerar når ein kan vatna, gjødsla og slå utan å gripe inn i hekkinga.

- Ein brukar mykje lenger tid når ein ikkje kan arbeida når ein vil, men det verste er at det går utover kvaliteten på avlingane. Graset vert trevlete og grovt, og ein kan risikera råte i botnen.

Det er ikkje berre han som har merka ulempene.

- Tapa er ulike frå gard til gard ut i frå storleik på garden, råvare - og kraftfôrprisar. I handlingsplanen har staten satt av 5,8 millionar til ordninga i løpet av ein fem års periode. Fuglen er dyr i drift.

Står saman

Grunneigarane som er råka, har organisert seg i ei aksjonsgruppe, og har skrive ein resolusjon skal presenterast på møtet torsdag.

- Denne inneheld kva vi meinar bør leverast av politikarane. Alle dei 28 råka bøndene har skrive under. Den skal også leverast til Miljø- og utviklingsminister, Erik Solheim.

Han trur engasjementet vil spreia seg.

- Eg trur vi vil få folket med oss. Viss vi klarar å engasjera dei i denne saken er vi komne langt. Eg trur ikkje forskrifta gjenspeglar folket sin vilje. Her treng Miljøverndepartementet ein korreksjon frå politikar og befolkning som seier klart ifrå kva retning vi skal gå i framtida.

Ønskjer dialog

Viltforvaltar Anders T. Braa avviser at ordninga øydelegg matjord.

- Vi er nøydde til å legga beslag på noko av slåtten kvart enkelte år, men det vil ikkje øydelegga jorda på sikt. Kvaliteten vert dårlegare der og då, men det er det vi har kompensasjon for.

Han forstår likevel frustrasjonen til grunneigarane.

- Dei bur midt i eit flott område med store verdiar, og sit med dårlege erfaringar grunna tidlegare verneplanar i området. Føreskrifta streng, og eg kan forstå den manglande entusiasmen.

Men torsdagens møte er likevel ikkje ein arena for å ta opp kampen mot føreskrifta.

- Vi må forholda oss til det som er vedteke. Målet med møtet er å diskutera korleis vi kan gjennomføra verneplanen på best mogleg måte. Vi vil legga fram eit konkret forslag til kompensasjon og andre tiltak. Dette vil vi diskutera med grunneigarane, og innretta oss etter dei tapa dei faktisk har.

Braa trur det er mogleg å finna ei løysing som alle kan leva med.

- Eg håpar det vert ein positiv dialog om innhaldet i føreskrifta slik den er no, og ikkje fokus på omkamp. Det er bra at ein no får gitt uttrykk for frustrasjonar, og lufta ut det ein sit inne med, avsluttar han.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Jæren

Eksperter: Ingen meteoritt

En meteoritt-feber raser over landet. Denne steinen i rullesteinsbeltet ved Grødaland i Hå kunne blitt en sensasjon. Men var ikke ekte vare fra verdensrommet.

Svømmer mot alle odds

Dette lille nøstet av en svart svane har overlevd "Byggeplass Bryne" og 17. mai. Nå skal idyllen beskyttes.

Her er landets største
utendørs helsestudio

Nå trenger du ikke gå i helsestudio for å trene styrke. På Bryne kan du gjøre det i naturen med utstyr som man vanligvis må betale for å bruke.

Drapssiktet afghaner ble skåldet

I fjor ble afghaneren (28) skåldet med kokende vann etter en diskusjon om religion. Nå er han siktet for knivdrapet på Paradis i Bergen.

Rusbrus-krangel ga fem måneder i fengsel

En 19 år gammel mann fra Hå er dømt til fem måneders fengsel for en nedskalling på et utested på Bryne i fjor sommer.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest