• FOTO: Knut Bry/jskompani.no/Reidun Gudmestad

Overraska av nakne menn på scenen

Anna Aarsland og venninna var ikkje førebud på bannskap og nakne menn då dei besøkte Sandnes kulturhus.

Oddrun og Nils Terje Aarsland reagerer kraftig på at ungdomsskuleelvar frå Hå brått og utan å kunna velja det vekk, vart stilt overfor fire nakne menn på scenen i Sandnes kulturhus.

Det var måndag at ungdomsskulane i Hå reiste til Sandnes kulturhus på den kjende danseframsyninga A Dance Tribute to the Art of Football.

Stykket er over ti år og regissør Jo Strømgren har vorte hylla av både kritikarar og publikum. Men Anna Aarsland i 10. klasse på Vigrestad storskule og foreldra hennar reagerer. Både Anna og veninna Janne Haugstad synest det heile var ekkelt og utan meining.

–Forteljinga hang ikkje i hop, seier dei.

–Eg spurte fleire gonger på skulen kva me skulle på, og fekk vita at me skulle sjå fotballopera, fortel Anna.

Nakne

Og foreldra reagerer altså sterkt på det Hå kommune sender ungdommane sine for å sjå.

–Hadde det vore vaksne folk som sjølv valde å gå der, var det noko heilt anna.

–Dersom me hadde møtt mennene nakne i Vigrestad sentrum, ville me meldt dei til politiet. Med etiketten kultur, ser det ut som alt er lov, seier Oddrun og Nils Terje Aarsland.

Dei to jentene fortel om ei stemning i salen som dei opplevde som ekkel. Det var på slutten av stykket at dei fire «fotballspe larane» på scenen kledde seg nakne for å «dusja».

–Jentene i salen ropte at dansarane måtte kasta underbuksa. Me trudde aldri at dei ville gjort det. Dei to fortel at to av dansarane stod mot kvarandre og gjorde det dei oppfatta som seksuelle rørsler. Og at det også vart brukt sterke bannord.

–Kva blir det neste? undrast far Nils Terje Aarsland.

–Kan me risikera samleiescenar på neste skuleframsyning?

Ansvar

Ekteparet Aarsland meiner at skulen i Hå ikkje har teke ansvaret sitt når dei ikkje har sjekka kva dei tilbyr elevane sine. – Rektorane burde ha sett stykket først. Det handlar om å ha respekt for elevane sin naturlege blygsel og om ikkje å riva ned det foreldra freistar å læra dei.

Bom

–Eg har forhøyrt meg litt. Det kan synast som om Den kulturelle skulesekken har bomma på publikum denne gongen, seier kommunalsjef Ragnvald Riis i Hå.

–Dette stykket passar truleg betre for eldre elevar. Symbolikken kan vera vanskeleg å forstå.

–Kva gjer de no?

–Me vil nok gi ei tilbakemelding om det.

Han legg til at tilbodet elles er variert og godt og at Hå har svært gode erfaringar frå før.

–Fagleg skal jo dette stykket også vera knallgodt.

Avslappa

Prosjektleiar for satsinga på samtidsdans i Sandnes kulturhus, Gry Isabel Sannes-Knutsen har ikkje fått nokon negati ve tilbakemeldingar på framsyninga.

–Eg trur at me rett og slett må ha eit avslappa forhold til naken kropp i 2009. Dessutan er dette ein svært liten del av denne framsynin ga.

–Er ungdomsskuleelevar for unge?

–Nei, slett ikkje.

Fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen seier det ikkje har kome negative reaksjonar frå Karmøy og Haugesund, der også framsyninga har vore vist for ungdomsskuleelevar.

Trygg framsyning

Han fortel at fylkeskommunen støttar seg til seg til Norsk scenekunst sine tilrådingar når dei vel framsyningar til Den kulturelle skulesekken og ser på dei som kvalitetssikring.

–Difor har me sett på dette som ei trygg framsyning.

–Eg tykkjer sjølv det er interessant at framsyninga utfordrar litt av både det fysiske og erotiske i fotballsprå ket. Det er jo sider ved det som kanskje ikkje er så verdifull. Me vonar at framsyninga kan aktualisera desse problemstillingane og skapa grunnlag for debatt på skulane. Men me har full forståing for at folk reagerer ulikt, seier han.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Jæren

Eksperter: Ingen meteoritt

En meteoritt-feber raser over landet. Denne steinen i rullesteinsbeltet ved Grødaland i Hå kunne blitt en sensasjon. Men var ikke ekte vare fra verdensrommet.

Svømmer mot alle odds

Dette lille nøstet av en svart svane har overlevd "Byggeplass Bryne" og 17. mai. Nå skal idyllen beskyttes.

Her er landets største
utendørs helsestudio

Nå trenger du ikke gå i helsestudio for å trene styrke. På Bryne kan du gjøre det i naturen med utstyr som man vanligvis må betale for å bruke.

Drapssiktet afghaner ble skåldet

I fjor ble afghaneren (28) skåldet med kokende vann etter en diskusjon om religion. Nå er han siktet for knivdrapet på Paradis i Bergen.

Rusbrus-krangel ga fem måneder i fengsel

En 19 år gammel mann fra Hå er dømt til fem måneders fengsel for en nedskalling på et utested på Bryne i fjor sommer.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest