Eirik Tjessheim gjekk ut i Aftenbladet i dag og søkte etter ei gifteklar odelsjente frå Jæren. Til no har han fått over 50 tekstmeldingar. Stort sett er alle frå kvinnfolk.
AV: ole sivertsen
Eirik Tjessheim (25) frå Julabygdå i Sandnes har fått den merksemda han ynskjer. No tikkar tekstmeldingane inn på mobilen frå jærkvinnfolk. Nokre få av dei er odelsjenter.
– Nokre er rett på sak og har lyst til å finna på ting saman med meg. Dei skriv at dei vil treffa meg, andre spør om meir kvardagslege ting, til dømes om kva eg held på med.
Skal ringja
Eg er litt skuffa over ingen har guts til å ringja. Men eg kjem sjøl til å ringja dei mest lovande, og dei som har vist størst interesse.
Ungkaren understrekar at det er kvinnfolk frå Jæren han trass alt er på jakt etter.
– Nokre spør om eg er interessert i å bli kjent med dei. Det er positivt, og det vil eg. Eg likar likevel best å ringja og snakka med folk. Det er for det første friskare, og så kan eg få eit betre inntrykk av korleis dei er, sier han til Aftenbladet.no.
Stevnemøte?
– Trur du at du finn deg eit driftig kvinnfolk frå Jæren som attpåtil har ein gard å by fram?
– Oddsen er nok større for at det ikkje går, men det er lov til å håpa. All merksemda rundt aukar nok sjansane mine, sier Eirik Tjessheim.
– Har du kanskje planlagt det første stevnemøtet?
– Nei, ikkje ennå, men eg satsar på at det snart blir.
Kommentarer