Spor var temaet då ordføraren i Gjesdal nyttårshelsa innbyggjarane i kommunen.
AV: egil ø. nærland
– Gjennom kulturhovudstadåret har Gjesdal formidla det gode livet her, den praktfulle naturen og dei flotte folka som bur her. Me markerte oss under opninga i Stavanger, og me sette spor med Bandaloop, førestillinga i Gloppedalsura, ytra ordførar Olaug V. Bollestad.
Ho meinte dei fredelege spora i Gloppedalsura denne hausten var ekstra viktige på ein stad der det også er fár etter krig og ufred.
– Nå har me også sett spor der etter fred og fridom, meinte ho.
Nyttårsmarkeringa i Gjesdal gjekk som vanleg føre seg i Veveriet på Ålgård. Salen var fullsett, og musikkinnslag frå Gjesdal Brass Band samt songarane Eirin Aardal og Øystein Gilje sette folket i god stemning.
Noregsmeistrar, dugnadsfolk og kulturarbeidarar vart heidra, og mest merksemd vart nok Sonja Hundsnes til del.
Kulturpris
Læraren fekk kulturprisen og ei rad godord på vegen. Hundsnes stod bak det meste av kulturinnslaga kommunen varta opp med under kulturhovudstadsåret.
I talen sin fann ordførar Bollestad også grunn til å minna om at 2008 sette vonde, triste og tunge spor i Gjesdal.
– Hardt og brutalt vart tre små gutar utan mor og far etter den forferdelege hendinga i Kvinesdal i sommar. Ingen veit kva desse spora vil medføra, men alle me andre må bidra med og setja gode spor, spor av godhet, omsorg og omtanke. Lat oss vera noko godt for kvarandre, oppmoda ordføraren.
Flaumen i Oltedal
Den store flaumkatastrofen i Oltedal fekk også plass.
– Ekstremvêret er ei følgje av at med overforbrukar naturen. Me må vera bevisste på kva spor med set for våre barn og barnebarn. Me overforbrukar miljøet og kan ikkje halda fram slik. Me må kunne forsaka for å overlevera gode spor. Akkurat som me må kunne strekkja ut ei hand og hjelpa både heime og ute.
– Me bur i verdas rikaste land og har god råd til å hjelpa, avslutta Olaug V. Bollestad.
Kommentarer