NSB sette i januar inn fleire tiltak for å hindra fylleepisodar på nattoget på jærbanen. – Dette har særlig gitt ein kraftig nedgang i drikke- og utskjellingsepisodar, fortel strekningsleiar i NSB Dag Brekkan.
AV: monica lindanger
Dag Brekkan meiner det er innføringa av to vektarar på togstasjonen på Bryne, som har vore spesielt effektiv.
– Stasjonen på Bryne og strekninga derifrå mot Egersund har vore eit problemområde for fyllebråk. Her har me sett inn to vektarar som stoppar ungdommane på veg inn til stasjonen og hindrar at dei stimlar saman i kø. Ungdommane får raskare billett, og slepp venting, fortel Brekkan.
LES OGSÅ:
Videoovervåking skal stoppe togbråket
– Fungerer bra
Det er Hå og Time kommune som betalar for vektarane. Ordninga skal halda fram ut juli, og eit nytt møte i august skal avgjera om kommunane framleis skal støtta tiltaket.
– Me vil gjerna halda fram med dette, sidan det fungerer så bra, slår Brekkan fast.
Nulltoleranse
Det er òg andre tiltak som er sett inn på nattoget.
– Politiet kjem raskare til staden når NSB melder om bråk, og natteravnar held oppsyn både på tog og perrong, seier Brekkan.
Han er nøgd med nedgangen i fylleepisodar, men fortel at NSB har nulltoleranse for dette.
– Me vil gjerna halda fram med dette, sidan det fungerer så bra med vektarane, slår Dag Brekkan fast. FOTO: Cornelius Munkvik
Kommentarer