-
Butikkeigar Karin Ågesen på Ombo må rigga seg til i ei posttralle på kaien i Eidssund for å kunna snakka i mobiltelefonen. Ho er fortørna og oppgitt over den elendige mobildekninga i området.
FOTO: Oddbjørg M. Måland, Øyposten
- Ikkje få hjartestans på Ombo
Når butikkeigar Karin Ågesen skal oppnå kontakt med dei høgare makter gjennom mobiltelefonen kryp ho inn i ei posttralle ute på kaien i Eidssund på Ombo. Ho trur det er eit tidsspørsmål før den elendige mobildekninga fører til tap av liv.
AV: heidi hjorteland wigestrand
Store deler av den mektige ryfylkeøya Ombo ligg framleis i djup mobilskugge. For Karin Ågesen som driv Joker Ombo er den manglande mobildekninga ei kjelde til konstant irritasjon. For helsepersonell er det ei kjelde til stress. Det har Karin Ågesen sett med eigne auger mange gonger når legehelikopteret har landa på kaien.T
På gode dagar kan det hende ho oppnår kontakt på kaikanten, men kor glirene oppstår varierer frå dag til dag, fortel ho. Nyleg var bygda utan både fasttelefon og mobiltelefon, då måtte ho midtfjords med båten for å få bestilt brød. Resten av bestillingane tok kollegaen seg av frå ein høgde over butikken.
- Har du tips om dårleg mobildekning? Send mail til oss her!
Null tipping
Mangelen på mobildekning gjorde også at ho måtte senda tippemaskina frå Norsk Tipping i retur, noko som var skikkeleg surt fordi Ågesen hadde venta i ti år på å få ei slik maskin.
- Maskina kunne vore påkopla ei fasttelefonlinje, men sidan sentralen er sprengt gjekk ikkje det. Dermed stod berre mobilløysinga att, og då måtte eg bare gi meg, fortel Karin Ågesen.
Dei nye bensinpumpene får ho og kundane heller ikkje full glede av sidan desse også treng mobildekning for å kunna brukast utanom butikken sine opningstider.
Somme båtavgongar frå Eidssund er bestillingsavgongar. Reisande som ikkje kjenner til mobiltilhøva blir fort ståande rådville på kaien når dei oppdagar at det ikkje går an å ringa til den ferja dei vil med, fortel Ågesen.
På grunn av mobilskuggen kan ho heller ikkje bruka berbar kortautomat, noko som gjer at ho må ha heile butikken open også når driv sommarkiosk.
Folk forlet båthamna
Drifta av båthamna lir også under mobilskuggen.
- Eg opplever ofte at båtgjester må reisa herfrå, fordi dei har ungdommar heime i byen som dei gjerne vil ha telefonkontakt med, og det kan dei ikkje her hjå meg, sukkar Ågesen, som har gitt opp å vona på betre tider, for etter det ho kjenner til har ikkje Telenor utbyggingsplanar for mobil i området.
Ågesen kjenner på stor irritasjon over statsselskapet og seier ho har gått til topps med problema. Ho er lei spørsmåla frå Telenor om ho har tjukke vegger og mykje skog rundt butikken. Ågesen meiner konsernet skulle fått i oppgåve å bygga skikkeleg ut i heile landet, og viser til at same selskap no er i gong med breibandutbygging på Ombo.
Ågesen ville kjøpt seg eiga antenne til rundt 20.000 kroner for å betre tilhøva rundt butikken, men det fekk ho ikkje lov til av Telenor, fordi dei frykta antenna kunne forstyrra deira utstyr i nærleiken.
Hjartesvikt i opningstida
Carina Ågesen har ein hjartestartar ved butikken.
- Men her bør ikkje folk få hjartetrøbbel utanom butikktida kor me kan få ringt etter hjelp via fasttelefonen, elles kan det fort gå for lang tid, seier ho, og fortel om fleire episodar kor mannskap på legehelikopteret har sprunge rundt på kaien i Eidssund og leita etter stader med mobildekning.
Håkon Eide i Ombo Vekst veit om fleire tilfelle kor liv nær har gått tapt på grunn av at ein har slite med å finna plasser med dekning.
- Eg veit at det var kritisk for ein mann som fall om i Eidssund for ei stund sidan. Til alt hell var det ein mann som sprang oppover bakkane og fekk kontakt med helsepersonell, men når det står om minutt kan det like gjerne enda gale, åtvarer han.
Han kjenner til fleire døme på at folk som har uvita har blitt frakta lange vegar fordi hjelparane må få mobilkontakt.
Knutepunkta bør sikrast
Eide seier at han veit at mobilnettet ikkje er eit naudsamband, men viser til at folk brukar det som det likevel, og at dette er noko styresmaktene bør ta innover seg i forhold til kva krav dei stiller til teleoperatørane.
- Eg ventar ikkje dekning på mobiltelefonen når eg er på jakt langt inne i Ryfylkeheiane, men eg ventar at det er mobildekning på knutepunkt som kaiar og ved butikkar, seier han.
Aftenbladet får også opplyst at ein alvorleg sjuk mann på Ombo måtte takka nei til video-overført pasientoppfølging fordi han korkje hadde breiband eller mobildekning god nok til å nytta seg av tilbodet.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
På forsiden nå
Siste saker
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Wirak kan droppe Vatneli
- Lenger våken i helgen kan gi jetlag i uken
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Drillo: - Vi var for lite dristige
- Danseslag i skyggen
- England slo Norge i EM-testen på Ullevaal
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Jernring rundt Eurovision-finalen
- Sverige leder an på Eurovision-tipping
- Følg Norge - England direkte
- Drillo tester ut en ny midtbane mot England
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Spår nedtur for England og Hodgson i EM
- 66 krigsofre gravlagt i Bosnia
- Mood: Houla rammet av brutal tragedie
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Ålgård-seier i bunnoppgjøret
- Bare scoringene manglet for Klepp mot Lillestrøm
Mest lest
- MC i sommersol
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- -Deilig å slippe Forus
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Badegjester i søppelhav
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Klar til dykk for russisk gass
- Fant høvdingens storstue
- Cruisekrise uten lostjenesten
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien
Kommentarer