-
Mobiltelefonen er mange stader i Ryfylke og landet elles mest til pynt.FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand
- Ikkje vent all verda av mobilen
Trøysta til ryfylkingar med dårleg mobildekning er at dei langt frå er åleine.
AV: heidi hjorteland wigestrand
Ifølgje dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor har inntil 40.000 menneske i Oslo ikkje innandørs mobildekning. Politiførstebetjent Rolf Ravndal ved Strand og Forsand lensmannskontor sitt råd til folket er å ikkje venta for mykje av mobiltelefonen i Ryfylke, elles kan ein fort bli skuffa og frustrert.
Aftenbladet skreiv laurdag både på papir og nett om frustrasjonar og redsel knytta til dårleg mobildekning i Ryfylke. Avisa bad også rogalendingar om å melda inn dårleg mobildekning på Aftenbladet.no.
Me har fått rapportert om dårleg mobildekning i Stavanger: Både på Gausel, i Misjonsveien, Tors gate, og Valhallveien. Elles har det komme meldingar om dårleg dekning både frå Lund, Nærbø, Hellestø og Bogafjell.Tips frå Ryfylke gjeld: Fogn, Eidssund og Østhusvik. På E 39 mellom Håbafjell og Bogafjell blir det også rapportert om dårleg mobildekning. Også byasar må opp i andre etasje eller gå ut for å bruka mobilen.
Les også
Dårlegare telefonar
Mange av dei nyare mobiltelefonane er dårlegare til å ta i mot radiosignal enn dei eldre typane. Difor skaper ofte tjukke vegger problem, fortel Bjørn Amundsen, som legg til at det ville kosta tre milliardar kroner å gi alle i Norge full dekning.
Elles virkar dårleg mobildekning til å vera eit større problem for privatpersonar enn for politi og helsepersonell som begge har sitt eige radiosamband og er ustyrte med satelitt-telefon.
I Finnøy og Rennesøy slit politiet først og fremst med dårleg dekning til sjøs, men forholda har blitt mykje betre enn for nokre år sidan, fortel lensmann i Rennesøy Rolf Kant.
For politi og helsepersonell oppstår utfordringar knytt til dårleg mobildekning først og fremst når ein skal ha kontakt med privatpersonar på ein skadestad.
Lovlege mobilskuggar
Sjølv om mobilskuggane er plagsame er dei fullt lovlege. Telenor eller Netcom vil difor ikkje bli stilt ansvarlege dersom liv skulle gå tapt korkje i Ryfylke eller andre stader i område med dårleg mobildekning.
Telenor skuldar ikkje folk meir enn ei fasttelefonlinje. Når det gjeld konsesjonsvilkåra for mobiltelefoni er dei langt mindre og desse er for lengst oppfylte i Rogaland, opplyser Bjørn Amundsen, som i det Aftenbladet ringjer er på veg langs E 39 frå Kristiansand for å sjekka mobildekninga langs vegen til Stavanger og Haugesund.
Eit av krava som er stilt til Telenor er at alle tettstader med meir enn 200 innbyggarar skal ha 3G-nett. (Står for tredje generasjons mobiltelefoni, og omfattar mobile tenester for sending av data, bilde og tekst i mobilnettverk).
Eigne antenner ulovleg
Dei områda som ikkje har god mobildekning i grisgrendte strok er ikkje prioriterte av teleoperatørane fordi det per i dag ikkje vil lønna seg å byggja dei ut. Men dette kan endra seg dersom det kjem eit stort hytte- eller bustadfelt i området, fortel informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor.
Somme kommunar som Suldal gir tilskot til teleselskapa for å byggja ut i grisgrendte strok. Telenor og kommunen har planar om slik fellesfinansiert utbygging i Vatlandsvåg og Bråtveit.
Og for dei som lurer; det er ikkje lovleg å setja opp antenner som forsterkar mobilsignala på huset ditt. Desse slår ofte ut mobilnettet til andre i området, åtvarar dekningssjef Amundsen.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
Mange millionar: Det vil kosta rundt 60 millionar kroner å gi Rogaland full mobildekning, ifølgje næringssjef i fylket, Norvald Skretting.
Ikkje pengar: Førebels er ingen villige til å betala den rekninga.
Sørpå: Ei kartlegging fylket har gjort viser at det er flest mobilhol i Eigersund, Sokndal og Gjesdal.
Aktuell sak: Ordførar i Gjesdal, Olaug V. Bollestad, tek i dag opp den dårlege mobildekninga i fylkesutvalet.
På forsiden nå
Siste saker
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Wirak kan droppe Vatneli
- Lenger våken i helgen kan gi jetlag i uken
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Drillo: - Vi var for lite dristige
- Danseslag i skyggen
- England slo Norge i EM-testen på Ullevaal
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Jernring rundt Eurovision-finalen
- Sverige leder an på Eurovision-tipping
- Følg Norge - England direkte
- Drillo tester ut en ny midtbane mot England
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Spår nedtur for England og Hodgson i EM
- 66 krigsofre gravlagt i Bosnia
- Mood: Houla rammet av brutal tragedie
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Ålgård-seier i bunnoppgjøret
- Bare scoringene manglet for Klepp mot Lillestrøm
Mest lest
- MC i sommersol
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- -Deilig å slippe Forus
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Badegjester i søppelhav
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Klar til dykk for russisk gass
- Fant høvdingens storstue
- Cruisekrise uten lostjenesten
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien
Kommentarer