-
FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand
-Ikkje legg ned skulen vår
For folk i Jøsenfjorden kom rådmannens nye kuttliste som eit sjokk. Skulen vår vart freda i april, påpeiker dei.
AV: heidi hjorteland wigestrand
Til det kan ordførar Bjørn Laugaland (Sp)berre replisera at verda har endra seg mykje sidan i vår.
– Oljeprisen har sunke frå 160 dollar til 40 dollar fatet. Det påverkar i høg grad kommunens kraftinntekter. Kommunen står føre drastiske kutt, og me må snu alle steinar. Då må skulen også ta sin del. Når det er sagt kan det henda at mitt parti går inn for å sjå på detaljane i kutta først etter at me har hatt eit temamøte om skulen 21. januar.
Rådmannens kuttliste er eit svar på formannskapet sitt ønske om å spara endå meir enn rådmannens opprinnelege forslag.
Dermed står både Jøsenfjorden skule, Randøy barnehage og skulen på Ombo i fare. Elles føreslår rådmannen mellom anna å redusera heimehjelp-tenesta kraftig.
Berre starten
Ordføraren vedgår at det blir eit stritt kommunestyre-møte med lite kjekke saker, men fryktar at dette berre er starten på ein lang periode med innsparing.
– Me har nok sett kraftinntekt-anslaget vårt for høgt, seier Laugaland. Han legg likevel til at alt ikkje er så ille som ein kan få inntrykk av. Dette grunngjev han med at hjelmelandsbuen har vore godt vande i dei tider kommunen var rik.
Jøsenfjorden skule har dette året 12 elevar frå 1. til 7. klasse. Frå hausten 2009 vil talet synka til ni elevar, om ikkje nye flyttar inn. Skulen er minst i Hjelmeland.
– Men ein må ikkje sjå seg blinde på desse tala, for ein må også ta med i reknestykket at det frå neste haust vil vera ni barn mellom 0 og tre år i bygda, påpeiker Sven Carlos Gjil.
Han er lærar ved Jøsenfjorden skule. Heile skulen og barnehagen feirar sin årlege nissefest då Aftenbladet stikk innom.
Spirer og gror
Tre av kvinnene som er med på utflukta klappar seg på magen i tur og orden og fortel at dei har småtroll i magen. Mange unge familiar har flytta til bygda dei siste åra.
– På to år har det flytta 27 personar til Jøsenfjorden og svært mange av desse er unge folk. Me veit om fleire som vurderer å flytta innover, men tek kommunen skulen frå oss, skiftar dei nok meining, påpeiker Sven Carlos Gjil.
Dei tilsette og elevane virkar samstemde på at dei ikkje ønsker å mista skulen.
– Me vil gjerne samarbeida med andre skular i dei periodane når kulla er svært små, men me ønsker ikkje nedlegging, for legg dei skulen ned får me han aldri tilbake, hevdar Bente Tednes Gjil.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
Rådmann i Hjelmeland føreslår å legga ned Jøsenfjorden skule, Randøy barnehage og seia opp skule-driftsavtalen med Finnøy på Ombo. Alt frå neste haust. Kommunestyret behandlar kuttlista 17. desember.
På forsiden nå
Siste saker
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Wirak kan droppe Vatneli
- Lenger våken i helgen kan gi jetlag i uken
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Drillo: - Vi var for lite dristige
- Danseslag i skyggen
- England slo Norge i EM-testen på Ullevaal
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Jernring rundt Eurovision-finalen
- Sverige leder an på Eurovision-tipping
- Følg Norge - England direkte
- Drillo tester ut en ny midtbane mot England
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Spår nedtur for England og Hodgson i EM
- 66 krigsofre gravlagt i Bosnia
- Mood: Houla rammet av brutal tragedie
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Ålgård-seier i bunnoppgjøret
- Bare scoringene manglet for Klepp mot Lillestrøm
Mest lest
- MC i sommersol
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- -Deilig å slippe Forus
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Badegjester i søppelhav
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Klar til dykk for russisk gass
- Fant høvdingens storstue
- Cruisekrise uten lostjenesten
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien
Kommentarer