-
FOTO: Rolf Øhman, Aftenposten
«Eit tap for landsdelen»
Det er synd for folk i heile Sørvest-Norge at ein i ein så stor del av landet grunna politiske vedtak ikkje får lov til å ha rovdyr. Avlivinga av jerven ved Bånevatnet er eit tap for landsdelen.
AV: arvid berentsen
Det seier generalsekretær Rasmus Hansson i WWF Norge.
Ein 14 kilo tung hannjerv blei fredag felt ved Bånevatn i Bykle, fem-seks kilometer frå kommunegrensa Bykle/Suldal og rundt ei mil nordaust for Krossvatn turisthytte. Sauebønder i Indre Ryfylke gler seg over at ein av eitt av rovdyra som kan ha tatt mange lam frå Suldal dei siste åra nå er avliva.
LES OM SAUEBØNDENES REAKSJONAR HER: Jerv skoten i Suldals- og Setesdalsheiane.
WWF Norge tar ikkje del i begeistringa.
Stilla krav til sauebøndene?
- Det ein må spørja seg om, er kor rimeleg ein synest det er at driftsforma til ei særskilt næring skal styra kva dyreartar ein skal ha og ikkje ha i ein svær region av Norge. WWF har full respekt for vanskane og ubehaget ein bonde opplever når han mistar mange sauer. Men skal det bare vera rovdyras ansvar? Eller er det på tide å stilla krav til korleis den norske sauenæringa bruker naturen vår? spør Hansson retorisk.
- Skal me slutta å eta lammekjøt da, eller skal me kjøpa lammekjøtet vårt frå New Zealand?
- Me har sau i absolutt heile Norge. Rovdyr har me i store delar av landet, og aller minst i Sørvest-Norge. I Østerdalen har ein mange rovdyr, og der finst det bønder som har klart å tilpassa seg. Å tillata noen fleire rovdyr i Sørvest-Norge vil ikkje innebera at sauenæringa der går under i eit ragnarok av blod og ull, seier Hansson.
Generalsekretæren i WWF håpar me i Norge snart kan koma vidare frå det han omtalar som «denne svart/kvitt-debatten kor ein latar som om heile sauenæringa vil gå under om ein tillèt ein del rovdyr».
- Me må snart sjå framover og innsjå at rovdyra er ein del av den norske naturen - og tilpassa oss dét, meiner Hansson.
Internasjonalt ansvar
Han meiner det ville vore fint om den norske landbruksnæringa snart kunne bli villig til å ta innover seg den internasjonale røynda.
- Mange land i vår del av verda har fleire sauar og fleire rovdyr enn kva me har. Og sauebøndene klarer seg. Dette får jo debatten om sau og rovdyr i Norge til å framstå som noe underleg, seier Hansson.
Nordmenn markerer seg ofte når ein i internasjonale samanhengar snakkar om å ta vare på det biologiske mangfaldet.
- Me vil at India skal ha tigrar og at Kenya og Tanzania - kor lutfattige bønder lever av geitene sine - skal ha løver. Så meiner tydelegvis mange nordmenn at ulv og bjørn høyrer heime i Romania. Når det gjeld ansvaret for det biologiske mangfaldet registrerer eg ein uvilje mot å ta ein ærleg debatt om oss og dei andre. Dette er me veldig oppgitt over, seier Hansson.
Bare halvparten døyr av rovdyr
Han er lettare oppgitt over at to jervar i Rogaland og Agder kan medføra så stor ståhei som ein har vore vitne til dei siste par åra.
- Rundt 100.000 norske sauer døyr på beite kvart år. Halvparten av desse døyr av andre årsaker enn rovdyr. Men desse omtrent 50.000 sauedødsfalla snakkar ein ikkje så mykje om. Eg trur ikkje norsk landbruk vil tena på den haldninga næringa i dag viser i rovdyrsaker.
WWF-generalsekretæren understrekar at dagens jervestamme er robust nok til å tåla at eit par dyr blir skotne.
- Derfor lagar me ikkje noe stort bråk om det. Men det har kosta mykje bråk å sikra ein stamme som er såpass robust som dagens, seier Hansson.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
Relaterte bilder
FOTO: Statens Naturoppsyn
På forsiden nå
Siste saker
- To menn knivstukket i Østfold
- Aktivister: Blodbad i syrisk by
- Badegjester i søppelhav
- - Minst 90 drept i kraftig angrep i Syria
- To døde etter skytedrama i Finland
- IMF-sjef: Hellas bør ikke forvente sympati
- Kronprinsparet ved Kongebjørka
- To menn knivstukket i Østfold
- Fiskefett flyter i Egersund havn
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Sandnes Ulf-FKH får streike-disp
- Vebjørn (11) tok første storlaksen
- Statoil-barnehager i full strid
- Egersund rocker i sommervarmen
- Hør innslagene på Spotify
- Stjerne på luksusklasse
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Opptelling av 50 øringene er ferdig: 14.907 kroner til kreftsaken
- I arresten etter slag på spisested
Mest lest
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- Fant høvdingens storstue
- - Redningsaksjonen ble litt overdrevet
- Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien
- Nå blir det ny asfalt
- Pinseutfarten skaper problemer i flytrafikken
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Festbrems
- Disse skolene stenges fra onsdag
- Statoil-barnehager i full strid
- Badegjester i søppelhav
- Douze points for friheten
- Opptelling av 50 øringene er ferdig: 14.907 kroner til kreftsaken
- Vågen i Stavanger
Kommentarer