• FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

Hallgeir Langeland var bonde for ein dag

Stortingsmann Hallgeir Langeland frå SV hadde fredag ein arbeidsdag på ein utkant-gard i Årdal.

Det var bonde Per Inge Egeland som hadde invitert han til gards for å mata kopplam, merka lammeøyrer og elles delta i dei mangslungne og meir eller mindre akutte oppgåvene det medfører å ha lamtunge sauer og drektige griser rundt seg ein vakker vårdag.

Mat og landskap

Føremålet med arbeidsdagen er naturlegvis å få politikaren til å forstå kor viktig arbeid bonden gjer både som matprodusent og landskapspleiar. Det tilstundande landbruksoppgjeret og stortingsvalet gjer det ekstra viktig å retta søkelyset mot bønders kår, meiner Per Inge Egeland som er med i styret for Rogaland Bondelag.

Bondelaget har drege i gong ein landsdekkande kampanje kalla «Kjærlighet til norsk mat».

Over halvparten av maten me et er basert på norske råvarer, som kjem frå gardar over heile landet, viser tal frå Bondelaget.

Hallgeir Langeland forsikrar at han er klar over bøndenes viktige samfunnsrolle, og er ikkje framand for tanken at også andre departement er med og betaler for å ha ein levande bondestand i Norge.

Norges gartnarar

Ordførar Bjørn Laugaland (Sp) er heilt samd.

- Bøndene er Norges gartnarar. Utan bønder gror kulturlandskapet att og turistane får ikkje sjå menneske som bur i naturen. Både miljødepartement og kulturdepartement bør kunne vera med og gje pengar til bøndene. Reiselivsindustrien omset årleg for over 100 milliardar kroner. Dei statlege overføringane til bøndene ligg på mellom 10 og 12 milliardar; altså peanøttar i samanlikning, påpeiker ordføraren i Hjelmeland.

Per Inge Egeland forventar seg ikkje betre prisar på matvarer i årets jordbruksoppgjer, men håpar som Laugaland og Langeland at alle ringverknadar ved bondeyrket blir verdsett i kroner.

Optimistar

Sjølv er han og kona Ingvild Fjeldheim Egeland fulle av optimisme. Dei vil nå satsa 5 millionar kroner for å bygga nytt stort sauehus og grishus. Etterpå vil dei kunna ha 150 sauer, 70 årspurker og levera 700 slaktegris. I dag husar bruket 31 sauer og 50 griser.

For nokre år sidan dreiv dei med 15 stutar. Det var berre mykje arbeid og inga inntekt, ifølge Per Inge.

- Då var det rett før eg sette kroken på døra. Heldegvis har kjøtprisane gått opp. Fjorårets oppgjer var eit av dei betre, framheld Egeland.

Hallgeir Langeland seier dei auka prisane har ført til at færre gardsbruk har blitt nedlagde den siste tida.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Siste fra Ryfylke

17. mai på forskot i Suldal

Flagga gjekk til topps alt i dag i Erfjord, for onsdag opna samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa fem kilometer sikra og nyopprusta veg i Suldal.

Forsand fortsetter kampen for ferja

Nå gir Forsand opp kampen mot Ryfast. Men kjemper for fortsatt ferjedrift over Høgsfjorden og truer med advokat.

Endeleg er vegen trygg

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa opna 11.30 onsdag den nyopprusta og rassikra strekninga mellom Kilane og Osberg på riksveg 13 i Suldal.

Amerikaner skadet på Preikestolen

Det ble ei lang og kald natt for det amerikanske ekteparet som tirsdag kveld gikk til Preikestolen for å se på solnedgangen. Onsdag morgen måtte de ha hjelp til å komme seg ned.

Slik svarer Magnhild på kritikken fra Strand Ap

Konsulentene har lagt til grunn et lavere trafikktall for Ryfast enn det som reiser med dagens ferjer.

Relaterte bilder

FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest