Rogaland Sau og Geit:

Held jervejegrane anonyme

Det føregår nå truleg ei intens jakt på jerv i Ryfylke, 12 dagar før lisensjakt-fristen går ut. Men media får ikkje vita kven som jaktar eller kvar dei jaktar.

- Me må vera forsiktige har me funne ut, for me har fleire døme kor jegrarar og andre som ønsker å begrensa mengda av rovdyr, har blitt utsette for grov hets på bloggar på internett, påpeiker nestleiar i Rogaland Sau og Geit, Øyvind Bergøy.

Sau-og geitelaget er også i politiets søkelys etter at Fylkesmannen før helga melde laget til politiet, for å ha utlova ei godtgjersle på 20 000 kroner til den jegeren som feller jerven.

- Det er våre pengar

Rogaland Sau og Geit meiner Fylkesmannen ikkje har nokon rett til å blanda seg inn i kva laget bruker sine eigne pengar på, og har påpeika at summen ikkje er kalla korkje skotpremie eller dusør.

Pengane er meint som ei utgiftsdekking for jegarar som tek seg tid til denne krevande jakta. Fylkesmannen på si side tolkar summen som ein skotpremie og viser til at det er ulovleg å utlova dusør for denne type rovdyr. Storleiken på summen vil også kunna freista meir urøynde jegrar til å forsøka seg på jervejakt, med auka fare for skadeskyting, heiter det i brevet som Fylkesmannen si Miljøvernavdeling har sendt til politiet.

Politioverbetjent Bjørn Kåre Dahl ved Miljøseksjonen i Rogaland Politidistrikt, seier det vil gå nokre veker før politiet fattar ei avgjerd i saka. Før den tid vil ikkje politiet gå aktivt ut og stoppa pengelovnaden frå Rogaland Sau og Geit.

- Kva skjer om jerven blir felt før politiet har fatta ei avgjerd? Vil jervejegeren då måtta betala tilbake pengane til Rogaland Sau og Geit, om godtgjersla blir kjent ulovleg?

- Det er i utgongspunktet Rogaland Sau og Geit som er meldt til politiet, men problemstillinga vil endra seg om jerven blir felt og pengane utbetalte før me har fatta ei avgjerd, men den problemstillinga vil eg ikkje ta på forskot, seier Dahl.

Samanliknar bønder og politifolk

I mens kan Øyvind Bergøy nøgd konstatera at publikum hjelper til og rapporterer om kor dei ser spor etter jerven. Han håpar at ein eller to jervar blir skotne innan fristen 15. februar. Viss så ikkje skjer vil Rogaland Sau og Geit arbeida aktivt mot Direktoratet for Naturforvaltning for å få til såkalla skadefelling. Då vil ein kunna ta meir utradisjonelle jaktmetodar i bruk, som til dømes snøscooter og eller helikopter. Ordførarane i Suldal, Hjelmeland og Sauda støttar også skadefelling om lisensjakta ikkje fører fram.

Bergøy samanliknar situasjonen til rovdyrtruga sauebeønder med politifolka sin.

- Politiet sine aksjonar blir stempla som ulovlege. Sauebønder sin kamp for å overleva blir også stempla ulovlege, men noko må me gjera, elles vil jerven bita seg fast i vårt område. Livet er ein kamp, og me vil kjempa, seier Begøy.

Nær 200 dyr bøtte med livet i Ryfylkeheiane i fjor.









Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest