Ingen jervkvalpar funne i Ryfylke
Jerven ynglar truleg ikkje i Setesdal-Ryfylkeheiane.
AV: heidi hjorteland wigestrand
Statens naturoppsyn i Agder og Rogaland (SNO) har i vinter følgd nøye med på jerven sine bevegelsar i Setesdal-Ryfylkeheiane. Direktoratet for naturforvaltning (DN) har enno ikkje teke stilling til søknaden om skadefelling.
Kartlegginga gir SNO grunn til å tru at jerven ikkje har yngla, opplyser regional rovviltansvarleg i Agder og Rogaland, Jon Erling Skåtan.
Men det er dokumentert jerv jamnleg i Lyse, Suldal-og Bykleheiane, opplyser SNO. Det er også regelmessig registrert meldingar om jervespor frå folk som har sett dette når dei har vore i heia, opplyser Skåtan.
I september i fjor blei det avdekka betydelege skadar på lam i Lyseheiane og tilstøytande område. Det blei sett i gong lisensjakt på jerven frå september til februar, utan at noko dyr blei felt. Rogaland Sau og Geit søkte difor om løyve til skadefelling. Direktoratet for Naturforvaltning (DN) har ennå ikkje avgjort om slikt løyve vil bli gitt. I utgangspunktet var DN ifølge SNO innstilt på at det skulle fellast jerv i området, om det blei funne ferske spor. Statens naturoppsyn sleit med vanskelege verforhold i veka før påske, men drog opp i heia att etter påske. Det blei då ifølge Skåtan ikkje funne spor etter jerv i Lyseheiane. I Bykle blei det funne ferske spor etter eitt dyr.
Treng nytt snøfall
Denne jerven blei spora vestover og inn i Suldal. Spora forsvann på barmark i Suldal, og var deretter ikkje mulige å følgja. Etter dette har det vore nattefrost, og då set ikkje jervepotane spor. Arbeidet med jerv i Setesdal-Ryfylkeheiane er difor sett på vent. Det vil bli tatt opp att om det igjen blir mogleg å registrera jervens rørsler, til dømes ved eit nytt snøfall i høgda.
Jerveregistreringene er gjort ved hjelp av snøskuter og helikopter. Når forhalda har tillete det, er også dyr baksporet for å registre kor dei har gått og for å finne avføring. Avføringa blir brukt til å bestemma individet sitt DNA. Svaret på DNA-analysane vil først vera klare ved årsskiftet.
Vandrar langt
SNO skriv i rapporten sin at jerven har svært stor vandringskapasitet og ofte går fleire mil i løpet av ei natt. Nokre dyr kan vandra svært langt. Dette viser blant anna DNA-analyser frå tidlegare år. Den 16. april 2008 blei det funne avføring frå eit individ nord i Suldal. Under tre veker seinare, den 4. mai, blei det funne avføring frå same dyret i Årdal i Sogn og Fjordane. Dette dyret blei også registrert i Setesdal–Ryfylkeheiene i 2007. Slike vandringar er ein naturleg del av jervens biologi og kan forklare kvifor det i perioder er vanskelig å registrera jerv i enkelte områder, skriv SNO.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
Relaterte bilder
Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn Harry N. Thorsen fann avføring etter jerv ved Storstien turisthytte i Bykle i februar i år. FOTO: Jon Erling Skåtan, SNO
På forsiden nå
Siste saker
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Wirak kan droppe Vatneli
- Lenger våken i helgen kan gi jetlag i uken
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Drillo: - Vi var for lite dristige
- Danseslag i skyggen
- England slo Norge i EM-testen på Ullevaal
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Jernring rundt Eurovision-finalen
- Sverige leder an på Eurovision-tipping
- Følg Norge - England direkte
- Drillo tester ut en ny midtbane mot England
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Spår nedtur for England og Hodgson i EM
- 66 krigsofre gravlagt i Bosnia
- Mood: Houla rammet av brutal tragedie
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Ålgård-seier i bunnoppgjøret
- Bare scoringene manglet for Klepp mot Lillestrøm
Mest lest
- MC i sommersol
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- -Deilig å slippe Forus
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Badegjester i søppelhav
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Klar til dykk for russisk gass
- Fant høvdingens storstue
- Cruisekrise uten lostjenesten
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien
Kommentarer