• FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

Kolonnekjøring ved Tysdal i kveld

Det blir kolonnekjøring langs riksveg 13 ved Tysdalstranda fram til klokka 20.30 søndag kveld.

Det opplyser byggeleiar Mona Vareberg i Statens vegvesen. Vegen vil også vera open i natt om ikkje vêret forverrar seg, men dei siste meldingane går ut på at kulingen vil løya utover kvelden.

Det var seint i lørdag kveld at det gjekk fleire ras like bortanfor Skreppeneset. Rasa stengde 2-300 meter av vegen i lengderetninga. Mesta sine folk har drive oppyddingsarbeid heile natta. Aftenbladet møtte vegmeister i Kjell Johan Vigane i dag. Han har aldri opplevd liknande inferno på sine 35 år i vegbransjen.



Denne karen fekk gå gjennom til fots før riksveg 13 opna i dag. (Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand)

Lite informasjon



Reisande Aftenbladet snakka med klaga over lite informasjon om stenginga. Det var korkje skilt eller informasjon å få på 175. Somme påpeika også at Vegvesenet burde sett inn meir solid oppryddingsutstyr enn to små hjullastarar. Mona Vareberg seier at det blei mykje armar og bein i starten. Viktigaste prioritet var å få folk inn i området for å starta oppryddinga. Ho fortel at ferjemannskapet informerte bilistane, og det var manuell trafikkdirigering på staden. Ho meiner ikkje det er grunn til å kritisera ryddeutstyret Mesta sette inn.



Aftenbladet fekk sitja på med den eine hjullastaren som rydda riksveg 13 i dag. Slik såg det ut. (Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand)



- Gjort kjempejobb



- Dette var ei hending som kom overraskande på oss. Mesta har gjort ein kjempejobb i heile natt og i heile dag.

Vegvesenet hadde både to hjullastarar og to brøytebilar i sving som arbeidde seg innover frå kvar si side av vegen.

Vegmeister Vigane blei nedringt den tida Aftenbladet fekk varma seg i bilen hans. Sjølv etter ei natt utan svevn, maktar han å vera blid når folk ringer og klagar over den stengde vegen. Ein spør om han kan be vegvesenet betala ekstraskyss for han slik at han når eit fly.

Vigane fortel at ein del trafikkantar blir sinte på Mesta når det snør.

- Ikkje vår feil

- Men snøfallet og vinden er jo ikkje vår feil, men eg skjønar at folk drøymer om tunnel gjennom Tysdalsfjellet ein dag som dette, seier han, før telefonen pip for ørtande gong dette hektiske døgnet.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest