-
Eigedommen på Foldøy er påkosta. No krev Suldal kommune at anneks, badehus og basseng må fjernast, sidan desse er bygde ulovleg. (Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand)
Krev at stavangermann riv basseng, badehus og anneks
Forretningsmannen frå Stavanger har dei siste åra reist ei rekke ulovlege bygningar på eigedommen sin på Foldøy. Bygdeutviklingssjef i Suldal, Endre Gjil, kan ikkje minnast at ein før har handsama ei like omfattande sak.
AV: heidi hjorteland wigestrand
Torsdag behandla utvalet for landbruk, miljø og teknikk saka. Nokre dagar tidlegare hadde utvalsmedlemmene vore på synfaring på eigedommen.
Seks bygningar
Administrasjonen ville også at eit ulovleg oppført grillhus og ein garasje skulle rivast, men politikarane valde å godkjenna desse, med bakgrunn i at eigaren truleg ville fått godkjent bygging av desse.
Totalt har mannen sett opp seks ulovlege bygg og eit basseng. Det er søkt om dispensasjon for oppføring av molo. Men søknaden vart avslegen.
Dei to ulovleg oppførte nausta er i samsvar med reguleringsplanen på Foldøy. Etter tilråding frå administrasjonen vart byggesøknaden som vart innsendt i ettertid godkjend av politikarane.
Administrasjonen hadde sett gjennom fingrane med utbetring/fasadeendring av eit eldre bustadhus og eit uthus. For desse to tiltaka vil politikarane ha fullstendig byggesøknad.
Konferansesenter
Aftenbladet har ikkje lukkast å få kontakt med stavangermannen. Til administrasjonen i Suldal har han opplyst at utbygginga er del i ei langsiktig satsing på kurs og konferanse innan gastronomi og kunst. Han er no av kommunen utfordra til å komma med ein samla plan for dette prosjektet, som i følgje mannen har ei kostnadsrame på 30 til 50 millionar kroner.
Kan klaga
Utbyggaren har høve til å klaga på kommunens vedtak innan tre veker. Ein eventuell klage vil bli tatt opp att i kommunen før han blir sendt vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.
Endre Gjil seier at ein har få slike saker i Suldal og legg til at byggelovene gjeld både for Jørgen Hattemakar og Kong Salomo i Suldal. Det var eit par av kommunens tilsette som tilfeldigvis kom over dei ulovlege bygningane då dei var ute i eit anna ærend på Foldøy.
Dersom rivingsvedtaket blir ståande, må basseng, badehus, molo og anneks fjernast innan 31.desember i år, ellers risikerer eigaren tvangsmulkt/ og eller førelegg.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
På forsiden nå
Siste saker
- To menn knivstukket i Østfold
- Aktivister: Blodbad i syrisk by
- Badegjester i søppelhav
- - Minst 90 drept i kraftig angrep i Syria
- To døde etter skytedrama i Finland
- To menn knivstukket i Østfold
- IMF-sjef: Hellas bør ikke forvente sympati
- Kronprinsparet ved Kongebjørka
- Fiskefett flyter i Egersund havn
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Sandnes Ulf-FKH får streike-disp
- Vebjørn (11) tok første storlaksen
- Statoil-barnehager i full strid
- Egersund rocker i sommervarmen
- Hør innslagene på Spotify
- Stjerne på luksusklasse
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Opptelling av 50 øringene er ferdig: 14.907 kroner til kreftsaken
- I arresten etter slag på spisested
Mest lest
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- Fant høvdingens storstue
- - Redningsaksjonen ble litt overdrevet
- Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien
- Nå blir det ny asfalt
- Pinseutfarten skaper problemer i flytrafikken
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Festbrems
- Disse skolene stenges fra onsdag
- Statoil-barnehager i full strid
- Badegjester i søppelhav
- Douze points for friheten
- Opptelling av 50 øringene er ferdig: 14.907 kroner til kreftsaken
- Vågen i Stavanger
Kommentarer