• Blir sett pris på – Tore Sandvik.

    FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand

Kulturpris til hage- og skøyteguru

Kulturprisen til Hjelmeland kommune for 2011 går til eldsjela Tore Sandvik (77) frå Fister, som har fått folk til å elska både hagestell og skøyting.

Gjennom ein mannsalder har Tore Sandvik vore ein aktiv og sentral person i det lokale kultur- og organisasjonslivet i Hjelmeland. Likevel må ein kunne seia at det er innan idrett og hagestell han har utmerka seg mest, skriv informasjonsmedarbeidar Else Marie Førre i Hjelmeland kommune i ei pressemelding.

Glødande interesse for is

Det var på den idrettslege arenaen at Hjelmeland først fekk gleda av det ukuelege pågangsmotet og entusiasmen til Tore. Gjennom Fister IL skapte han alt tidleg på 70 talet ei brennande interesse for skøytesporten. Aldri har ein, – verken før eller seinare, hatt så mange skøyteløparar i Hjelmeland som i desse to påfylgjande tiåra, ifølgje pressemeldinga.

Barmarkstreninga føregjekk ofte med utgangspunkt frå garden til Tore. Med Tore som sjølvskriven skøytetrenar. Her var det oppvarming med fotballkamp i frukthagen, - så energisk kunne oppvarminga vera at fruktblomen dryssa som snø i vårsola. Fister IL stod også som arrangør av fleire større skøyterenn i denne epoken. Med Hetlandsvatnet, eller Sigmundstadtjønna som arena vart det arrangert både krestmeisterskap og vestlandsmeisterskap. Tore la også til rette for at dei unge lovande skøyteløparane skulle få delta på skøytestemne elles i landet. I ei tid der verda ikkje var så tryggleikskrevjande fylde Tore varebilen med campingstolar og drog blant anna til Austlandet for at dei unge skulle få konkurrera.

Og Tore sin entusiasme bar frukter, - i Hjelmeland fant ein fleire av dei beste skøyteløparane på Vestlandet på denne tida.

Fuchsialag

Parallelt med skeiseinteressa har Tore også hatt hjarte for planter, hage og blomar. Sjølv om dette også har vore ein del av levevegen hans, har Tore langt til grunn eit engasjement som langt overgår pengar og innkome. Både Fuchsialaget i Ryfylke, men ikkje minst Hjelmeland hagelag har nytt godt av entusiasmen hans. Under Tore Sandvik si leiing har Hjelmeland hagelag makta å bli det hagelaget i Rogaland som har rekruttert flest ungar til Barnas hagelag. Hjelmeland hagelag vart også kåra til Årets hagelag i Rogaland, - først i 1984, deretter i 2008. I 2008 vart laget også kåra til Årets hagelag i Norge.

 

 

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest