-
FOTO: Fredrik Refvem
Lagspel på Ryfylke-vis
Siste stunt frå den oppfinnsame gjengen i Ryfylke Livsgnist er eit 24 kvadratmeter stort kunnskapsspel om Ryfylke.
AV: hjørdis halleland mikalsen
Tomatgolf, jurklutkasting, duell i tomateskebretting og brubygging. Dette er berre nokre av ingrediensane i spelet som utgjer eit stort Ryfylke-kart teikna av illustratøren Jens Flesjå frå Finnøy.
Lagbygging
Dette er eit terningspel der deltakarane får ulike utfordringar å bryne seg på etter kvart som ferda går gjennom Ryfylke. Samarbeid er viktig, spelet legg opp til teambuilding, forklarar Leif Arild Steen, men blir avbroten av dagleg leiar Tor Øyvind Skeiseid.
- Det heiter ikkje teambuilding, Leif Arild. I Ryfylke heiter det lagbygging, rettar han lattermildt.
Mobilt
Dei fire livsgnistarane Tor Øyvind Skeiseid, Leif Arild Steen, Kåre Vignes og Helene Vestbø har jobba lenge med spelet.
- Det har teke mykje tid, tankearbeid og planlegging. Men no har me kome fram til eit resultat som me er godt nøgde med, seier Skeiseid.
Ryfylkespelet er mobilt. Det tek 45 minuttar å rigga det til, og det kan spelast både ute og inne. To instruktørar frå Ryfylke Livsgnist fylgjer alltid med.
Det kan spelast av både bedrifter og privatpersonar, og ein treng ikkje vera Ryfylke-ekspert for å bli med, forklarar Helene Vestbø.
Tomatjakt
Deltakarane blir delt opp i fire lag, og ferda går ut i Ryfylke frå Randaberg, Horve, Røldal og Sandeid. Vidare langs Ryfylkevegen, mellom øyar, fjordar og fjell. For kvart kast med den enorme, spesiallaga terningen møter ein nye utfordringar i form av oppgåver, duellar og spørsmål. Er det vinmonopol i Strand kommune? Kan du ta rutebåt frå Fister til Byre? Kor i Ryfylke kjem Berge Furre frå? Har delar av Rennesøy høyrt til Finnøy kommune tidlegare? Lagbyggingsppgåvene spenner frå å sortera basarårer frå høgaste til lågaste tal, eller å finna ut når ein er på Sand dersom ein tek ferja klokka tolv frå Mortavika.
Målet er å vinna fleire tomatar enn motstandarane. Det viktigaste er å visa praktisk innsikt og evne til å ta strategisk rette avgjersler i samarbeid med andre.
- Som eg sa: teambuilding, seier Leif Arild Steen og legg trykk på siste ordet medan han sender eit utfordrande, men spøkjefullt, blikk i retning Skeiseid.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
Relaterte bilder
FOTO: Fredrik Refvem
FOTO: Fredrik Refvem
På forsiden nå
Siste saker
- Redning – eller kollaps?
- To menn knivstukket i Østfold
- Aktivister: Blodbad i syrisk by
- Badegjester i søppelhav
- - Minst 90 drept i kraftig angrep i Syria
- To døde etter skytedrama i Finland
- To menn knivstukket i Østfold
- IMF-sjef: Hellas bør ikke forvente sympati
- Kronprinsparet ved Kongebjørka
- Fiskefett flyter i Egersund havn
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Sandnes Ulf-FKH får streike-disp
- Vebjørn (11) tok første storlaksen
- Statoil-barnehager i full strid
- Egersund rocker i sommervarmen
- Hør innslagene på Spotify
- Stjerne på luksusklasse
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Opptelling av 50 øringene er ferdig: 14.907 kroner til kreftsaken
Mest lest
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- Fant høvdingens storstue
- - Redningsaksjonen ble litt overdrevet
- Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien
- Nå blir det ny asfalt
- Pinseutfarten skaper problemer i flytrafikken
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Festbrems
- Disse skolene stenges fra onsdag
- Statoil-barnehager i full strid
- Badegjester i søppelhav
- Douze points for friheten
- Opptelling av 50 øringene er ferdig: 14.907 kroner til kreftsaken
- Vågen i Stavanger
Kommentarer