Latterleg frosk på Finnøy
Då den kjende reptilforskaren Dag Dolmen høyrde om frosken som er funnen på Finnøy, hadde han vondt for å tru at det var sant.
AV: hjørdis halleland mikalsen
– Dette er rett og slett fantastisk. Eg kjem til Finnøy til våren. Dette må eg sjå med eigne augo, seier Dolmen, som er blant landets fremste ekspertar på reptilar. Han jobbar til dagleg som førsteamanuensis ved NTNU Vitenskapsmuseum i Trondheim.
Botanikar Svein Imsland kom over frosken han gjekk sundagstur ved Hauskjevatnet.
– Eg kom over ein frosk som ikkje høyrer til i norsk fauna. Den var lysegrøn og ulik dei norske froskane. Heldigvis hadde eg med meg fotoapparatet, og fekk tatt eit bilete av den, seier Imsland som straks tok kontakt med førsteamanuensis Dag Dolmen ved NTNU i Trondheim.
Djevelsk latter
– Dette er eit svært interessant og uvanleg funn. Då Imsland tok kontakt med meg hadde eg vanskeleg for å tru at det var sant. Frosken høyrer ikkje til i norsk fauna, og det er veldig spesielt at den har klart å etablera seg i vårt klima over lang tid, seier forskaren entusiastisk.
Frosken er truleg av typen Rana ridibunda, eller latterfrosk, som er det meir folkelege namnet. I gytetida, som er på vår og forsommar, lager den svært mykje lyd.
– Latterfrosken sin song kan høyrast ut som ein djevelsk latter. Derav namnet. Det er hannfrosken som syng for å lokka til seg hoa, forklarer Dag Dolmen, som ikkje trur at latterfrosken på Finnøy kan gjera skade på norsk fauna.
– Det reknar eg for svært lite sannsynleg, seier han.
Ulovleg
Froskane på Finnøy kom truleg frå Polen som rumpetroll for kring seks år sidan, frakta av ein gut som hadde vore på ferie med familien sin.
– Det er viktig å gjera folk merksame på at det er ulovleg å ta med seg levande dyr over landegrenser. Sjølv når det dreier seg om noko så tilsynelatande uskyldig som rumpetroll, seier Svein Imsland.
Polsk konsert
Imsland er ikkje den einaste som har observert latterfrosken på Finnøy. Bonde Trond Spanne bur like ved.
– Eg både ser og høyrer dei. Det er mange av dei her i området, og dei lagar mykje støy. Tidlegare i sommar hadde me polsk konsert her kvar kveld. Medan dei norske froskane kjem med eit og anna kvekk, held desse froskane ein sjau utan like, det er reine kvakkefonien, seier han. Spanne trur dei er i ferd med å spreie seg til fleire vatn på Finnøy.
Bekymring
Froskefunnet på Finnøy begeistrar reptilforskaren, men i Fylkesmannen si miljøvernavdeling vekker det same funnet bekymring.
– Det er for tidleg å seia noko konkret om kva me kjem til å foreta oss i forhold til frosken på Finnøy, men funnet uroar oss, seier viltforvaltar Anders Brå i Fylkesmannen i Rogaland si miljøvernavdeling.
– Me har tidlegare hatt dårlege erfaringar med nye artar. Iberiasniglen er eit døme på det. Harlekin-marihøna er eit anna. Me veit ikkje korleis nye artar påverkar økosystemet vårt. Dei kan også føra med seg sjukdommar, som til dømes salmonella.
– Er det eit alternativ å utrydda frosken på Finnøy?
– Det er eit alternativ, men det er altfor tidleg å seia noko om det no, seier Anders Brå.Kvakkofoniar er eit nytt fenomen på Finnøy
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
BLIR STOR: Latterfrosken, Rana ridibunda, kan bli stor, heile 12 - 13 centimeter frå snute til bak.
MAT: Dei et det dei kjem over av insekt, edderkoppdyr, sniglar og meitemark.
VANLEG: Frosken er vanleg i Danmark, Tyskland, Polen, Russland og dei fleste mellomeuropeiske land.
FORMERING: Egglegginga skjer i byrjinga av juni, og rumpetrolla utviklar seg gjennom heile sommaren. Rumpetrolla kan bli ganske store, kring 50 til 85 mm, og blir til froskar i august/september.
SLEKTNING: Latterfrosken er ein nær slektning av den norske damfrosken, som er ein svært sjeldan og utryddingstruga art i Norge. Damfrosken, som vart oppdaga i Norge i 1986, finst hovudsakleg i Aust-Agder.
Relaterte bilder
På forsiden nå
Siste saker
- Stordalen og kona hoppet i høyet
- - Nå må Liverpool legge listen høyt
- Europeiske bekymringer på Wall Street
- - Gi bøndene et nytt tilbud
- Midlertidig barnehage i nedslitte lokaler
- Han er sikkerheten selv
- - Jeg gled, sier Andersen
- - Jeg gir meg ende over!
-
Jenta som lokka milliardær-
arving til buss-bygda - Ble gravid først etter slankeoperasjon
- Et eksotisk innslag i den internasjonale gaten
- Sandnes tok bortepoeng
- Berisha-salg kan være på gang
- Flest overvektige barn på landet
- Aaser lover India-evaluering i Telenor
- JPMorgan granskes av FBI
- Private skal gjøre kommunal jobb
- - Fantastisk for oss, sier LSK-Pedersen
- - Jeg tar avstand fra hans menneskesyn
- Var rasende etter tapet
Mest lest
- Trafikken stod i Stavanger
- Politiet vil ha spritstopp klokken 01.00
- - Jeg tar avstand fra hans menneskesyn
- Kostbar sentrumsperle kan bli solgt
- - Politiet slo løs på ham
- Munnhuggeri i spørretimen
- 400 russ «kriget» med mel, egg og salmiakk
- Alle bussene kan stå fra mandag
- - Politiet kan kreve at demonstrasjonen utsettes
- - Ap utnytter terrorangrepet
- Forsand fortsetter kampen for ferja
- ... kan bli perioder med opphold mot kvelden
- Drapssiktet fikk mer straff for ran av torpedo
- Flere får skatteoppgjør tidligere enn normalt
- Ny ordning for stell av døde
Kommentarer