Nei til Kunstnarveg i Ryfylke

Fleirtalet av styret i Ryfylke iks sa i dag nei til å starta eit prosjekt kalla Kunstnarvegen i tilknytting til riksveg 13 gjennom Ryfylke.

I innstillinga gjekk dagleg leiar i Ryfylke iks, Nils Moldøen, inn for å løyva 3,5 millionar kroner til prosjektet over fire år. Styreleiar Torkel Myklebust var også positiv til Kunstnarvegen, men berre fire av 13 i styret gjekk inn for prosjektet.

Debatten før vedtaket var lang. Ifølge Myklebust var det to hovudmoment som gjekk att i ordskiftet. Mange tykkjer at det er for mange prosjekt knytta til vegen, og at desse manglar samordning. Ein tykte også at for mykje av pengane var øyremerka administrasjon, og ikkje kunst.

- Blei rassikring sett opp mot kunst i debatten?

- Ikkje i det heile tatt. Kunstnarvegen skulle vore eit prosjekt nesten utelukkande finansiert av pengar frå kulturinstitusjonar. Ein eigendel var det rettnok, men eg meiner uansett ein ikkje kan setja kunst og rassikring opp mot einannan, seier Myklebust og legg til at Ryfylke iks på neste møte vil drøfta om organisasjonen skal gå inn og forskottera rassikringsarbeid ved Tysdalstranda.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest