• FOTO: Politiet

Politiet jaktar på cannabisplantasje

Politiet i Strand trur at det finst ein cannabis-plantasje av ein viss storleik på Jørpeland, og ber publikum om å tipsa viss dei ser mistenkeleg aktivitet i eit hus eller i ein leilighet.

Politibetjent Freddy Brosvik ved Strand og Forsand lensmannskontor fortel at ein torsdag ransaka husværet til to personar som ein mistenker har noko med cannabis-dyrkinga å gjera. Hjå den eine fann narkotikahunden i overkant av 70 gram cannabis. Det blei ikkje funne planter hjå nokre av personane under ransakinga torsdag. Brosvik fortel at vindauga ofte er blenda i hus kor det føregår slike lysskye aktivitetar. Plantane blir då forsynte med kunstig lys.

- Legg ein merke til stor aktivitet med krukker, lecakuler og plantejord utanfor eit hus, set me pris på om folk tek kontakt, seier Brosvik.

Han legg til at det ofte er ei sterk lukt av plantene, som lett vil kunna kjennast om ein kjem inn i hus som skjuler ein slik plantasje.

Freddy Brosvik fortel at ein har vore borti cannabis-plantasjar også tidlegare.

Det føregår også ei viss utskifting av plante-stader, reknar politiet med.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest