Sandsjente tok bronse i bowling-NM

Line Sand (15) tok tredjeplassen i junior NM i bowling i Asker i helga.

Jenta som ifølgje mora, Tone Mari Sand, berre trenar ein til to gonger i veka, konkurrer som oftast mot folk som trenar 4-5 gonger i veka.

Line Sand blir difor rekna for å væra eit særs stort bowlingtalent. Førebels likar ho å dela tida si mellom bowling, drama, synging og speidar, men dersom ho blir med frå juniorlandslaget i bowling frå neste år, reknar mora med at ho må trena noko meir.

Bronsevinnaren sjølv var ikkje heime då Aftenbladet snakka med Tone Mari. Ho var oppteken med ein av sine mange fritidsaktivitetar.

Mellom 100 og 150 deltakarar frå heile landet var samla til Junior-NM i bowling. Det blei konkurrert i fire klassar: yngre og eldre jente, yngre og eldre gut. Line Sand tevla i klassen yngre jente.

Vinnaren i denne klassen blei Celine Larsen, Askøy BC. Karoline Sæterhaug Helgesen frå Polar Team, Bodø tok sølv.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

Relaterte bilder

Ei stolt Line Sand frå Sand gjorde det skartp i junior NM i bowling i helga. Ho tok bronse.

Ei stolt Line Sand frå Sand gjorde det skartp i junior NM i bowling i helga. Ho tok bronse.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest