-
Innesperret i ras på Ryfylkeveien
To biler med fem personer står innesperret på Botnen mellom Røldal og Nesflaten, etter at to ras gikk seint onsdag kveld.VIDEO: Aftenbladet Video
Slik ser det ut i fjellsiden hvor det ene snøraset gikk.FOTO: Hilde Moi
Brøytemannskaper er på plass ved rasstedet.FOTO: Hilde Moi
Brøytemannskaper på oppdrag fra Risa står en kilometer unna raset og er klare til å rykke inn for å reddet ut de fem som sitter fast mellom to snøras. På bildet ser vi Åsmund Bakka og Nils O. FisketjønFem personar sit fast i raset.FOTO: Anders Minge
Riksveg 13 er stengt nær Røldal på grunn av snøras.FOTO: Hilde Moi
Det har gått flere små snøras i området.FOTO: Anders Minge
Snøraset på sørsida er rydda
Alle dei fem som var rasfaste natt til torsdag vart ved 12.15-tida redda ut.
AV: arvid berentsen, charlotte steine, hilde moi
To bilar med totalt fem personar vart natt til torsdag sittande fast mellom to snøras på riksveg 13 nær Røldal.
- I den eine bilen sit eit ektepar og ein tenåring. I den andre bilen sit ein far og hans 8 år gamle son, opplyser lensmann Øyvind Rosseland i Hardanger lensmannsdistrikt.
Les også
Dei rasfaste personane har stått på ein trygg plass i natt.
– Me har vore i kontakt med dei som sit i bilane i dag og dei har det heilt greitt, seier politioverbetjent Per Helge Sekse i Hardanger lensmannsdistrikt.
Skal koma ut i dag
– Me ventar no på geolog. Han bestemmer kva som skjer vidare. Me er nødt til å sjå området før me tør å sleppa inn folk. Eg vil tru me må opp i helikopter for å sjå, seier Magne Stange, Statens Vegvesen sin byggeleiar i Indre Ryfylke.
Ein geolog frå Bergen skal sjå på området for å vurdera om det er forsvarleg å iverksetja opning frå ein eller begge retningar.
– Geologen skal sjå om raset kan ryddast og vegen opnast. Så langt ser det positivt ut. Dersom det ikkje er mogeleg å rydda har me planlagt ein alternativ måte å frakta ut personane i bilane. Dei skal sleppa å tilbringa dagen mellom rasa, seier Rosseland.
Stange opplyser at geologen skal fraktast inn i området med helikopter til klokka 10.30. Ved 12.15-tida var altså snøraset på sørsida ferdig rydda og de to bilane kunne køyra vidare.
– Geolog har vore på staden. Entreprenørar får ikkje byrja oppryddinga i det nordlegaste raset på grunn av fare for nye ras. Raset på sørsida vil verta rydda. Eg trur ikkje det vil ta så lang tid å få ut dei to bilane, seier vaktoperatør Roger Lemme i Statens vegvesen i 12-tida torsdag.
Risikabelt
Bilane blei sittande fast rundt midnatt og måtte tilbringa natta og dei tidlege morgontimane torsdag i bilane mellom dei to rasa.
– Brøytemannskapa kjem ikkje til å gjera noko med rasa før det blir lyst torsdag morgon. Det blei vurdert som risikabelt å gå i gang mens det var mørkt, opplyser redningsleiar Owe Frøland ved Hovedredningssentralen for Sør-Norge.
– Det vert teke ei ny vurdering om når ryddinga av dei to rasa kan starta, seier vaktoperatør Jahn Marøy ved vegtrafikksentralen til Statens vegvesen torsdag morgon.
Det første raset gjekk ved Ekkjesvik på vestsida av Røldalsvatnet klokka 21.45. Neste ras gjekk ved Øvre Lonavatnet seks kilometer frå kommunegrensa mellom Odda og Suldal klokka 23.30. Dei to bilane var på veg frå Nesflaten-sida mot Røldal da dei først blei kom til Røldalsvatnet og oppdaga raset der. Da dei returnerte i retning Nesflaten, var vegen stengt også i den retninga – av raset ved Øvre Lonavatnet som nettopp hadde gått.
– Bilane er nå i Botnen i sørenden av Røldalsvatnet. Der blir dei verande til det er lyst torsdag. Me reknar med dei klarer seg gjennom natta, seier Frøland.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
Relaterte bilder
Mor Jette Barkved, far Jostein Kleivland og datter Frida Kleivland hadde masse mat i bilen, og har hatt det varmt og fint i Botnen i natt. FOTO: Hilde Moi
Kart
På forsiden nå
Siste saker
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Drillo: - Vi var for lite dristige
- Danseslag i skyggen
- England slo Norge i EM-testen på Ullevaal
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Jernring rundt Eurovision-finalen
- Sverige leder an på Eurovision-tipping
- Følg Norge - England direkte
- Drillo tester ut en ny midtbane mot England
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Spår nedtur for England og Hodgson i EM
- 66 krigsofre gravlagt i Bosnia
- Mood: Houla rammet av brutal tragedie
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Ålgård-seier i bunnoppgjøret
- Bare scoringene manglet for Klepp mot Lillestrøm
- MC i sommersol
- Cruisekrise uten lostjenesten
- -Deilig å slippe Forus
- Klar til dykk for russisk gass
Mest lest
- MC i sommersol
- Badegjester i søppelhav
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- -Deilig å slippe Forus
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Fant høvdingens storstue
- - Redningsaksjonen ble litt overdrevet
- Klar til dykk for russisk gass
- Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien
- Statoil-barnehager i full strid
- Cruisekrise uten lostjenesten
- Festbrems

Kommentarer