Ordføraren i Suldal:

Støttar helikopterjakt

- Sidan det er dokumentert så store jervetap i Ryfylke, bør ein opna for skadefelling av jerv via helikopter.

Det er effektivt og humant for både jerv og sauer, meiner ordføraren i Suldal, Torkel Myklebust (Sp).

- Dersom fagfolk erkjenner at jerven står bak så store sauetap, bør styresmaktene gi bøndene ei handstrekning gjennom skadefelling, seier Myklebust.

Ikkje jakt

Førebels er det berre lov å jakta på jerven gjennom såkalla lisensjakt, som betyr vanleg jakt utan motoriserte hjelpemiddel.

Somme har reagert på at det er lov å fella dyr frå helikopter. Men viltforvaltar Anders Braa hjå Fylkesmannen stadfestar at det i visse tilfelle blir gitt løyve til bruk av helikopter når det dreier seg om skadefelling, som ikkje på nokon måte må samanliknast med jakt, presiserer han.

Braa uttalte til Aftenbladet fredag at bøndene har god tid på seg til å fella jerven gjennom den ordinære jaktperioden som strekker seg frå september til februar. Gunnar Kleppa frå Hjelmeland er ikkje samd i den påstanden.

Snø og lite lys

Han viser til at både november, desember og januar er snørike månadar med lite dagslys.

- I september er det ikkje mykje likare, for då vantar sporsnøen.

Litt seinare på hausten kjem snøen, men ofte i for små mengder til at ein kan bruka ski eller scooter, påpeiker Kleppa.

Braa er samd i at jervejakt er krevande tålmodsarbeid, men seier at det ikkje på nokon måte er umogleg å få tak i jerven på det viset.

- Uttellinga på lisensjakt på jerv har rettnok vore låg i regionen dei siste to åra, men kvart år blir det felt ein del rovdyr via linsensfelling i Norge, påpeiker viltforvaltaren.

Jakt-kurs

Han råder sauebøndene til å søka råd og kompetanse hjå Statens naturoppsyn (SNO). Dei hardast råka sauebøndene i Ryfylke manglar over 248 lam og 34 sauer denne hausten. Det er dokumentert at somme av dei daude dyra som er funne, er drepne av jerv.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest