• FOTO: Tor Inge Jøssang

Talgje skule blir nedlagt

Finnøy kommunestyre vedtok etter ein kort debatt tirsdag kveld å leggja ned Talgje skule frå årsskiftet. Tre representantar røysta mot.

Vibeke Meling (Sv) som var den einaste i formannskapet som gjekk mot å leggja ned Talgje skule, fekk med seg Ottar Sandanger (Ap) og Per Jakob Eike (Sp) i kommunestyret.

Dermed blir all skuledrift flytta over til Finnøy sentralskule og Hesby skule etter nyttår. På lengre sikt skal all skuledrift for Talgje og Finnøy føregå på Judaberg når sentralskulen er utbygd.

Vibeke Meling (Sv) sa det var uakseptabelt for SV og Ap å avvikla skuledrifta på Talgje. - Dette kom som eit sjokk for oss. I vårt valgprogram ville me ikkje endra skulemønsteret før Finnfast er åpna. Eit slikt hastevedtak er me mot, sa Meling som ville flyttinga skulle utsetjast til hausten.

Odd Bleie (Sp) sa at skule og skulenedleggjing er følsomme saker. Dette vedtaket som nå blei gjort, var tredd ned over hovudet på politikarane. Det hadde skjedd for fort. Ein må bruka meir tid ved seinare høve, meinte han.

Rådmann Magne Kongsvik opplyste at Finnøy kommune vil spara to millionar kroner ved å flytta Talgje-elevane til Finnøy. 1,2 millionar kroner i fyrste halvår og 800.000 kroner i andre halvår.

Ordførar Kjell Nes (Krf) meinte at denne innsparinga på den måten er smerteleg. - Når me i tillegg har foreslått maksimal utteljing i eigedomsskatt, måtte me eventuelt kutta fleire skular.

– Det hadde vore verre å kutta i nordre del av kommunen der det ikkje er vegutløysing på veg, sa Finnøy-ordføraren.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest