Nye kutt i Hjelmeland:

To skular og ein barnehage i fare

Formannskapet i Hjelmeland ville spara fire millionar kroner meir enn rådmannen neste år. Nå har Øyvind Bergøy kuttlista klar:

Første punkt på lista, som han presiserer han legg fram av plikt og ikkje ønske, er nedlegging av Randøy barnehage hausten 2009. Barnehagen har i dag 17 barn og ni tilsette. Innsparingspotensial: vel 1,1 millionar kroner kvart år.

2. Nedlegging av Jøsenfjorden skule frå hausten 2009. Skulen har i dette skuleåret ni elevar. Innsparing: 1,1 millionar kroner årleg.

3. Oppseiing av samarbeidsavtalen med Finnøy om skuledrift på Ombo snarast råd. Finnøy kommune syslar også med nedleggingsplanar for sin del av skulen. Innsparing: 700.000 kroner per år.

4. Redusert støtte/annonsering i Bygdaposten. Innsparing 300.000 kroner per år.

5. Nedlegging av bibliotekfilialen i Årdal. Innsparing 150.000 kroner.

6. Redusert tenestenivå i heimetenestene, tilsvarande fire årsverk. Innsparing: vel 1,3 millionar kroner kvart år.

7. Avvikling av ordning med avlastning i private heimar. Innsparing: 200.000 kroner per år.

8. Oppvarming/reinhald Randøy skule og barnehage. Innsparing: 200.000 kroner i året.

9. Nedlegging av kommunal kinodrift. Innsparing: 70. 000 kroner. (Ordninga var alt sterkt barbert)

10. Opphøyr av lærlingeordninga. Innsparing: 100.000 kroner i året.

Totalt kan kommunen spara 6,9 millionar kroner i drifstutgifter i åra framover om rådmannens kutt-liste blir banka gjennom i kommunestyret onsdag 17. desember.

Andreas Hauge frå Jøsenfjorden er sjokkert over handlingsmåten og seier at bygdefolket får svært lita tid til å komma med innspel før møtet om fem dagar.

Dei politiske gruppene handsamar kuttlista førstkomande måndag.

Rådmann Øyvind Bergøy gjentek at dette ikkje er hans vilje.

– Eg gjer berre det formannskapet har bede meg om. Å finna stader å kutta, slik at ein får spart så mykje som politikarane vil. Det er formannskapet sitt ansvar at tida til å komma med innspel er blitt så knapp.

Bergøy har kutta noko meir enn detformannskapet bad om. Dette er fordi nokre av kuttforslaga formannskapet kom med ikkje var praktisk gjennomførbare, forklarer Bergøy.









Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest