-
Esther Moe har levert nærare 13.000 tweets og har godt over 2000 følgjarar. (Illustrasjon: Skjermdump)
Twitterdronninga frå Ryfylke
Esther Moe frå Suldal twitrar ofte og godt. Med gullkorn som : «Ferja kviler middag med lyset på armen» sjarmerer ho nesten dagleg sine nesten 3000 følgjarar. Blant følgjarane finn me både kronprinsessa og milliardær Johan H. Andresen jr.
AV: stavanger aftenblad
Og Kristin Clemet har sagt at Esther Moe er den som gler henne mest på Twitter.
Journalisten i Suldalsposten var blant 24 nominerte til heidersprisen Årets sosiale medienamn under Social Media Awards denne veka. Blant hennar mednominerte finn me mellom andre statsminister Jens Stoltenberg, Helge Torvund og Trine Grung. Nå blei det ingen pris på Esther, men ho er svært glad for nominasjonen.
Nappar i Marie Simonsen
Sjølv driv Moe ikkje med noko namedropping av følgjarar, for henne tel alle like mykje, uavhengig av status og posisjon.
- Eg har jo heller ingen kjendisstatus eller høg posisjon i samfunnet. Det fine med Twitter er at det er svært demokratisk. Her er alle likemenn og ein treng ikkje noko spesiell tillating for å fyra av garde ei melding til ein maktperson.
Esther Moe elskar eit godt ordskifte, men har planar om å liggja unna twitter-debattar med Dagbladets kommentator Marie Simonsen framover.
- Det tek heile dagen og vel så det. Den dama gir seg aldri, seier Esther Moe med ein oppgidd lått, men er redd ho fort kan falla for freistinga til å nappa litt i Simonsen igjen.
Fall ikkje pladask
Twitter fall ikkje i smak hjå henne med det same. Tvert om, ho fann det både kaotisk og forvirrande i starten. Då ho forstod at Twitter kan liknast med eit stort middagsselskap kor folk snakkar med ein på kryss og tvers rundt bordet byrja brikkene å falla på plass.
Samfunnsengasjementet til Moe er stort og brennande. Kjærleiken til bøker er ei anna drivkraft for å søkja til Twitter.
Sjølv er Moe blitt ei poetisk kraft på nettstaden, for det er hennar underfundige små dikt, som er blitt hennar fremste varemerke.
Sist laurdag blei Moe og forfattar Frode Grytten presenterte i VG under merkelappen Twitter-poetane.
Destillerte tankar
Moe fortel at det korte formatet som Twitter legg opp til tiltalar henne. Ho likar å seia mykje med få ord både som journalist og privat. Ordleik er hennar handarbeid. Ho likar den avgrensa plassen på Twitter som tvingar fram reine og destillerte tankar med djupne.
- Er dette første skrittet mot ei diktsamling eller bok?
Esther Moe ler hjarteleg og ser ørlite løyndomsfull ut.
- Eg veit ikkje. Kanskje eg er for lat.
13000 twittermeldingar vitnar ikkje om den store latskapen. Og det manglar ikkje på begeistra tilbakemeldingar frå følgjarane.
Trillar ut
Inspirasjonen kan komma alle stader frå og ho er ikkje lenge om å forfatta eit twitter-dikt. Det meste fell på plass på få sekund, skjønar me. Esther trur mange lesarar let seg fascinera av klangen i nynorsken.
Her er nokre eksempel på Esther Moes ordsmedkunst på Twitter:
«Himmelen står i mørkerommet og framkallar månen».
«Lyset pakkar ut fjorden».
«Alt er så stille. Berre den fine tinglinga av blømande isroser. Blått er ordet.»
«Blikket ditt er himmelen. Eg er det svimle snøfnugget som ennå ikkje veit av jorda.»
«Det bur eit mørker i den kvite blomen. Eit stup utan namn eller slutt.»
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Siste fra Ryfylke
Twitter er eit nettsamfunn som tilbyr ei mikrobloggteneste kor brukarane kan senda og lesa andre brukarar sine oppdateringar– såkalla tweets.
Det sosiale nettverket har nå meir enn 200 millionar registrerte brukarar.
Twitter tillet maksimum 140 teikn per melding. All kommunikasjon er open og kven som vil kan følgja deg.
Relaterte bilder
Esther Moe med ferja i bakgrunnen. Ferja inspirerte henne til følgjande formulering: "Ferja kviler middag med lyset på armen" FOTO: Heidi Hjorteland Wigestrand
På forsiden nå
Siste saker
- Tuareger og islamister vil danne stat i Nord-Mali
- Lady Gaga avlyser etter trusler fra islamister
- Anmeldt for svindel av norske bistandspenger
- Politiet frykter at DNA-beviser går til spille
- Jakter på mann etter knivstikking i Kristiansand
- Fire NATO-soldater drept i Afghanistan
- Måtte bryte seg inn for å hindre brann
- Norske kreftforskere med oppsiktsvekkende funn
- Wirak kan droppe Vatneli
- Lenger våken i helgen kan gi jetlag i uken
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Drillo: - Vi var for lite dristige
- Danseslag i skyggen
- England slo Norge i EM-testen på Ullevaal
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Jernring rundt Eurovision-finalen
- Sverige leder an på Eurovision-tipping
- Følg Norge - England direkte
- Drillo tester ut en ny midtbane mot England
Mest lest
- MC i sommersol
- NRK-medarbeider truet av aserbajdsjanske myndigheter
- -Deilig å slippe Forus
- Eurovision kom «hjem» til Sverige
- Kommuneansatte oppførte seg uakseptabelt på fly
- Eksponerer seg på nett, ønsker ikke å dusje felles
- Badegjester i søppelhav
- Gasslekkasje på plattform i Nordsjøen
- Tooji: - Nå er jeg lettet og glad
- Sykehuset sjekket ikke Lise for voldtekt
- Klar til dykk for russisk gass
- Fant høvdingens storstue
- Cruisekrise uten lostjenesten
- Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
- Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien
Kommentarer