• Vaktelegg frå Tau kan bli Årets Produkt 2012.

    FOTO: Jonas Haarr Friestad

  • Anne Strand og ektemannen Harald gir vaktlane sine mykje omsorg.

    FOTO: Ingvild Lygren-Junge

  • Vaktelegg blir rekna for ein delikatesse og fleire restaurantar får egg frå vaktelgarden på Tau.

    FOTO: Jonas Haarr Friestad

Vaktelegg frå Tau kan vinna pris

Egg frå vaktlar som får lytta til klassisk musikk er av ein regional fagjury nominerte til å kjempa om tittelen Årets Produkt 2012.

Kåringa skjer i det siste programmet av tv-serien Det Norske Måltid på TV 2 rett over nyttår.

Egg og kjøt

Vaktelegga til Anne og Harald Strand frå småbruket på Tau er kåra i klassen nyskaping.

Svinenakke frå Prima Jæren er også med blant finalistane frå Vestlandet, i kjøtklassen.

Anne Strand er strålande nøgd med nominasjonen og fortel om ei vaktelbedrift i stadig vekst. Vaktelegg er rekna som ein delikatesse og er berre femdelen så stort som eit egg frå ei vanleg høne. Dei blir ofte brukt som forrett, til fisk, tapas og i salatar.

Fyldig smak

Smaken har, ifølge Strand, ein ekstra fylde.

Ho og ektemannen leverer i snitt 1000 egg i veka no, og har planar om å auka talet på vaktlar. Vaktlane er ville hønsefuglar frå fasanfamilien.

Ei rekke kjende restaurantar i Rogaland får egg frå vaktelgarden på Tau. No vonar Anne Strand at egga skal takast i bruk i restauranten i det nye Konserthuset også.

Der bør dei passa ekstra godt inn, for hønene som har ruga og vorpe dei fram får jamleg nyta klassisk musikk.

Glade høner

Anne og Harald Strand legg stor vekt på at vaktlane skal ha det godt. Dei har både sandbad og kvister i bura.

Og frå glade vaktlar kjem det nok gode egg.

Les også

Siste saker

Siste 100 saker