• Her er ein del av tjuvgodset politiet fann gøymt på Hjelmeland i dag.

    FOTO: Politiet

Vill helg i Ryfylke - tjuvar har stole bilar, biffar og bussnøklar

Politibetjent Freddy Brosvik si helgevakt begynte roleg, men enda opp med tre biltjuveri, samt eit garasjeinnbrot og tre bedriftsinnbrot i Strand og Hjelmeland. I dag tidleg blei masse tjuvgods - mellom anna kjøt og kokkeknivar- funne ved ein brannstasjon på Pundsnes i Hjelmeland.

Som Aftenbladet.no har skrive så har Spa-hotellet på Hjelmeland hatt ubedne gjester som har forsynt seg grovt av mat og kokkeutstyr. Kontoret til lensmann Birger Haugvaldstad i Hjelmeland er no lagringsplass for både entrecotar, svinenakke, kokkeknivar og flamberingsutstyr. Politiet fann også ein del verktøy, fleire bærbare pc-ar, nøklar og hengelåsar på skjulestaden på Hjelmeland i dag tidleg.

To menn i 30 åra, den eine frå indre Ryfylke, den andre frå Stavanger, er mistenkte for å ha stole og gøymt tjuvgodset.

Her er politiloggen:

Laurdag 28. januar får politiet melding om innbrot i ein garasje og bil på Jørpeland. Det er mellom anna stole tv-skjerm til nakkestøtte frå bilen.

Nøkkelkjørte bilar

28. januar blir også ein bil stolen på Tau på morgenkvisten. Bilen, som er nøkkelkjørt, blir funnen att langs Ryfylkeveien seinare på dagen. Bilen har også vore stolen før, opplyser Brosvik.

Natt til søndag blir endå ein bil stolen, denne gong frå Jørpeland. Bilen blir attfunnen på Tau i løpet av søndagen. Denne er også nøkkelkjørt. Tjuven hadde teke nøkkelen i huset, fortel Freddy Brosvik.

Søndag 29. januar får politiet melding om at tjuvar i løpet av helga har brote seg inn i fleire av Veidekke sine brakker ved Tysdalsvatnet. Herrfrå er det stole ein del datautstyr.

Deretter får politiet melding om den tredje stolne bilen denne helga. Bilen er stolen på Jørpeland og blir seinare funnen att på Jørpeland.

Deretterfår politiet melding om tjuveri frå Ryfylke Bilverksted på Tau. Her er det stole kontantar, diverse datautstyr og nøklar til rutebussar.

Søndag morgon 29. januar får politiet melding om tjuveri frå Spa-hotellet på Hjelmeland. To menn er observerte medan dei ber tjuvegods inn i ein bil.

Tjuvane kjørte seg fast

Litt seinare blir mennene observerte i eit bustadfelt på Hjelmeland. Her rygger dei utforbi ein kant med bilen. Naboar varslar politiet som pågrip dei to mennene ved bilen ei stund etterpå.

Politiet finn ein del gjenstandar som stammar frå Spa-hotellet og Veidekke i bilen deira. Begge mennene er rusa og er mistenkte for promillekjøring, samt bruk av narkorika. Begge må difor avgi blodprøve.

Freddy Brosvik karakteriserer begge mennene som gamle kjenningar av politiet. Dei erkjenner å stå bak innbrota hjå Veidekke og på Spa-hotellet.

 

 

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Ryfylke

Over 50 passasjerer ble stående igjen på kaien

Kolumbus innførte nye bestillingsrutiner på Ryfylkebåtene.

Pepper mot strandaordføreren

Opposisjonen hevder ordfører Helge Steinsvåg (Ap) opptrer illojalt i Ryfast-saken.

Kvinne skadet etter at «Fjordrott» slo inn i kaien

Kvinne skadet etter at hurtigbåten gikk hardt i kaien, ifølge vitner.

Grunneigarar sigra over Fister Smolt

NVE har sagt nei til søknaden frå Marine Harvest om å ta meir vatn frå Hetlandsvatnet og redusera minstevassføringa i Fisteråna.

Nå kan du gå på ski i shorts

Kontrastane er store i heia i Suldal og Sauda for tida. I Suldalsheia blømer kvitveisen i snøkanten. I Sauda er det fare for snøras.

På forsiden nå

Siste saker

Mest lest